FamiliePluss / Nye mønstre familiekoordinator

Familiekoordinator er ein kontaktperson inn til hjelpeapparatet. Vi skal sikra rett hjelp til rett tid, til både barn og vaksne i familiane.

Familiekoordinatoren organiserer innsatsen rundt heile familien, og skal sjå heile familien sitt behov under eitt. Familien får tilbod om oppfølging fram til hausten 2027. 

Familiekoordinator vil saman med familien jobba for at: 

  • Barn, unge og foreldre i familiane vil oppleva betre psykisk helse og livskvalitet 
  • Barna deltek i fritidsaktivitetar og sosiale samanhanger med andre jamaldrande 
  • Barna sine skuleprestasjoner vert betra 
  • Tal på barn og unge som bur i bustader som er trongbudde eller har dårleg standard er redusert 
  • Barna bur i eit stabilt miljø over tid 
  • Foreldra er i arbeid eller arbeidsretta aktivitet 
  • Familien sin økonomiske situasjon er oversiktleg, føreseieleg og handterbar 

Nye mønstre er ei frivilleg teneste og dei vaksne må samtykka til deltaking. 

Kven kan få tilbodet? 

Målgruppa er familiar med vedvarande låg inntekt der barna har risiko for å utvikla helseutfordringar og utanforskap. 

Korleis få tilbodet? 

Det er kommunen sine tenester som søkjer familien inn til inntaksteamet. Tenestene kan vera NAV, helsetenesta, oppfølgingstenesta, barneverntenesta, skule, barnehage, helsestasjon eller andre tenester. Du kan ta kontakt med dei tenestene du brukar for å få bli tilvist.