Familiehjelpa

Familiehjelpa er eit lågterskel, førebyggjande tilbod for barn, unge og familiar i Øygarden kommune. Vi tilbyr tidleg hjelp med mål om å styrka psykisk og sosial helse, i tett samarbeid med deg og dei rundt deg.

Om Familiehjelpa

Familiehjelpa er eit heilskapleg tilbod for barn, unge og familiar. Vi jobbar tverrfagleg og familiebasert med barnet sitt behov i sentrum. Tilsette med ulik fagbakgrunn samarbeider tett med både kommunale og eksterne tenester. Ved behov losar vi vidare og etablerer kontakt med rett instans før vi avsluttar.

Familiehjelpa består av tre tenester:

  • Barne- og ungdomstenesta
    Tilbyr samtalar, rettleiing og oppfølging til barn, unge og familiar. Fokus på støtte i foreldrerolla, samhandling med skule/barnehage og tilrettelegging for ungdom i overgangar til utdanning og arbeid.
  • Kommunepsykologtenesta for barn og unge
    Tilbyr kortvarig behandling etter tilvising, samt lågterskeltilbod og foreldrekurs. Arbeider med førebygging og tidleg intervensjon for aldersgruppa 0–24 år. Tenestene har felles mottak, der saker blir vurderte i fellesskap. I mottaket blir det gjort psykologfagleg vurdering av sakene.
  • Landsbytenesta
    Følgjer opp barn med vedtak frå barnevernet etter Landsbymodellen – eit samarbeid med viktige relasjonar i barnet sitt liv for å skape tryggleik og utvikling.

Målgruppe

Tilbodet er for barn, unge og familiar som treng støtte i kvardagen. 

Slik tek du kontakt

Du treng ikkje tilvising for å ta kontakt. Du kan ringe oss i telefontida, bruke det digitale skjemaet, eller sende inn kontaktskjema på papir per post.

Digitalt kontaktskjema

Du loggar inn gjennom den nasjonale ID-porten. Logg inn og fyll ut digital søknad:

Familiehjelpa - kontaktskjema

Kontaktskjema på papir (PDF, 137 kB)
Send til: Øygarden kommune v/Familiehjelpa, Ternholmvegen 2, 5337 Rong

I tråd med forvaltningslova har du rett på svar innan fire veker etter at førespurnaden er motteken.

Kontaktpersonar

Familiehjelpa
Telefon 56 16 15 50


Telefontid:
Måndag kl. 09.00 - 11.30
Torsdag kl. 12.00 - 14.30

E-post:
postfamiliehjelpa@oygarden.kommune.no
NB! Ikkje send sensitiv informasjon 
på e-post.