Ofte stilte spørsmål om barnevernet
Barnevernet jobbar for å gi effektiv hjelp som kan endra den vanskelege situasjonen som barnet og familien er i. Slikt endringsarbeid blir gjort i samarbeid med foreldra og det vi kallar tiltaksteamet hos oss. Det hender også at vi gir slik hjelp via andre, for eksempel Bufetat sine hjelpetenester. Meir om barnevernet sitt arbeid
Ja, privatpersonar kan velga å vera anonyme. Barneverntenesta ønskjer likevel helst at du seier kven du er, fordi det gir saka meir truverdigheit. Anonymiteten opphøyrer om saka skal behandlast i fylkesnemnd eller domstol, du kan ikkje få fritak frå vitneplikta. Både private og offentlege personar kan ringa barnevernet og drøfta saker anonymt, viss ein for eksempel har behov for å få klarheit om ei sak bør meldast til barnevernet.
Du må ikkje ha observert det som meldinga di refererer til, men du bør kunna identifisera kjelda til informasjonen. Eit rykte blir ikkje sett på som ei melding.
Meldinga blir gjennomgått innan ei veke. Akuttsaker blir avgjort straks. Innan vekesfristen skal barnevernet starta ei undersøking, eller henlegga meldinga dersom den openbart er grunnlaus.
Barneverntenesta skal gi tilbakemelding til den som har sendt melding innan tre veker etter at meldinga vart motteken. Tilbakemelding kan unnlatast i tilfelle der meldinga openbart er grunnlaus, eller der særlege omsyn talar mot å gi tilbakemelding.
Ei undersøking skal gjennomførast snarast og seinast innan tre månader. Undersøkinga skal vera tilpassa saka sin alvorsgrad. Denne fristen kan utvidast til seks månader. Dersom undersøkinga gir grunnlag for hjelpetiltak, skal barneverntenesta iverksetta tiltak etter lova.
Du kan kontakta barnevernvakta
Telefon 55 09 71 29 (el. politiet på 02800)
Bemanna i tidsrommet kl. 08.00 - 15.30 på kvardagar og heile døgnet i helgar og høgtider.
Hovudoppgåva er å hjelpa barn og familiar i akutt krise og som ikkje kan venta til neste virkedag. Barnevernvakta vil vera bemanna med tilsette i dei kommunale barneverntenestene som i hovudsak skal gi råd og rettleiing på telefon. Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdera å rykka ut for å bistå meir aktivt i situasjonar.
Barneverntenesta har som utgangspunkt at barn skal bu heime så sant det er mogeleg. Når forholda i heimen tilseier det, eller når barnet av andre grunnar har særleg behov for det, kan barneverntenesta setta i verk hjelpetiltak for å betra situasjonen til barnet. I slike tilfelle legg vi vekt på å finna årsaka til vanskane, drøfte dei med foreldra og barnet, og gje effektiv hjelp med vanskane.
Omsynet til det som er det beste for barnet skal vera avgjerande for kva hjelpetiltak som blir sette i verk. Det er først dersom slike hjelpetiltak ikkje fører fram, det kan vera aktuelt å plassera barn utanfor heimen, med eller utan foreldra sitt samtykkje. Dersom det er aktuelt å overta omsorga for eit barn, blir saka lagt fram for og behandla i fylkesnemda for sosiale saker.
Barn og foreldre har rett til samvær med kvarandre om anna ikkje er bestemt. Det er fylkesnemnda som tek standpunkt til omfanget av samværsretten. Fylkesnemda kan også bestemma at det av omsyn til barnet ikkje skal vera samvær. Dei kan også bestemma at du som forelder ikkje skal ha rett til å vita kor barnet er.
Rettstryggleiken til barn og foreldre har høg prioritet og alle partar vert representerte gjennom advokat betalt av det offentlege. Å legga fram saker overfor Fylkesnemda om overtaking av omsorgen for eit barn, er eit særs alvorleg tiltak som krev omfattande saksførebuingar og det er strenge krav til dokumentasjon ved førebuing av saker.
Sist endra 13.05.2025 13.45