Barnevernvakta

Barnevernvakta er eit tilgjengeleg barnevern for barn, unge og pårørande deira i akutt krise. Barnevernvakta tek imot akutte meldingar kvar dag og helg, heile døgnet, heile året.

Tilbodet er interkommunalt og er ein del av Øygarden og Askøy kommune si barnevernsteneste. Tenesta har kontor både på Sartor og Kleppestø Storsenter.

Barnevernvakta har ansvar for akuttberedskapen på barnevern-området for Askøy og Øygarden kommunar og har ope alle dagar frå klokka 08.00 - 20.00.

Frå klokka 20.00 - 08.00 når du barnevernvakta på telefon 979 98 300. 

Når bør eg ta kontakt?

Ta kontakt dersom du sjølv vert utsett for eller kjenner til at barn eller unge vert utsett for;

  • vold eller vitne til vold
  • seksuelle overgrep
  • foreldre som rusar seg
  • omsorgssvikt
  • kjønnslemlesting
  • tvangsgifte

Kva skjer når eg tek kontakt?

Når du tek kontakt vert følgjande vurdert:

  • om situasjonen kan løysast ved hjelp av råd og rettleiing
  • om situasjonen er alvorleg og det bør sendast melding til kommunen barnet bur i
  • om situasjonen er akutt og det straks bør settast i verk tiltak 

Vidare vil barnevernvakta vurdera om det er best å reisa heim til familien det gjeld eller at oppfølging best kan skje hos barnevernvakta.

Barnevernvakta for Askøy og Øygarden
Mobil 97 99 83 00

Politiet på telefon 02800