Avlasting vaksne

Avlastning skal gje brukar eit tilpassa og godt tilbod. Samstundes skal tilbodet redusera belasting over tid for omsorgsytar. Tenesta skal gje omsorgsytar nødvendig fritid og ferie for å bidra til at ein kan halda på familiære relasjonar og sosiale nettverk og delta i vanlege samfunnsaktivitetar.

Målgruppe

Innbyggjarar som utfører særleg tyngjande omsorgsarbeid for vaksne med store hjelpebehov.

Kva kan du få hjelp til?

Avlasting vert innvilga som pårørandestøtte til personar som utfører særleg tyngjande omsorgsarbeid. Den som utfører særleg tyngjande omsorgsarbeid kan søkja om avlasting for å letta omsorgsbyrda. Det er den som utfører omsorg som har denne retten og ikkje den som treng omsorg.

Avlasting kan gjevast på følgjande måtar:

  • timeavlasting i eller utanfor heimen
  • avlastningsopphald på sjukeheim
  • andre tenester, til dømes helsetenester i heimen eller praktisk bistand/heimehjelp
  • dagaktivitetstilbod - skal gi aktivitet og fellesskap til brukar og avlasting for pårørande

Kriterium og vurdering

Avlasting vert tildelt med utgangspunkt i individuell vurdering av behov og vert gjeven i form av timar eller døgnopphald. Avlastingstiltak vert sett i samanheng med andre tiltak, og det vert vurdert kva kommunale tiltak som er mest formålstenlege. Når det vert tildelt avlasting på institusjon, må det vera vurdert at ingen andre tiltak kan erstatta behovet.

Kriterium som vert lagt vekt på i vurderinga av kva som er særleg tyngjande omsorgsarbeid:

  • Omfanget av omsorgsoppgåvene
  • Nødvendige omsorgsoppgåver som er forventa behov over tid
  • Særleg fysisk og psykisk krevjande oppgåver, til dømes nattarbeid
  • Om den som er avhengig av hjelp, ikkje kan vera åleine delar av døgnet
  • At omsorgsytar bur saman med den som mottek omsorg
  • Innvilga hjelpestønad frå NAV

Kva forventar vi av deg som mottek avlasting?

Du melder frå så tidleg som mogleg om tenesta ikkje skal nyttast til avtalt tidspunkt.Ved døgnopphald gjeld:

  • Du ordnar sjølv transport til og frå eventuelle opphald.
  • Du har med oppdatert legemiddelliste.
  • Du har med medisinar og nødvendig medisinsk utstyr.

Praktiske opplysningar

Ved døgnopphald vert det ikkje gitt tilbod om legetilsyn under opphaldet. Dersom helsetilstanden din endrar seg slik at det er behov for behandling eller medisinsk oppfølging, vil opphaldet gjerast om til korttidsopphald.

Slik søkjer du

I søknadsskjema skriv du kva du søkjer. 

Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje ei fullmakt som må lastast opp som vedlegg til søknaden. Du kan bruka denne malen dersom du er usikker på kva ein fullmakt skal innehalde.

Digitalt søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester

Papirskjema for helse, omsorg og velferdstenester
Send ferdig utfylt og signert skjema til:
Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Prisar

Tenesta er gratis, men du må sjølv betala utgifter til eigne aktivitetar under avlastingsopphald. Ved behov for fysioterapi under avlastingsopphald, betalar du eigendel.Dersom avlastingsopphaldet vert gjort om til korttidsopphald, må du betala eigendel for opphaldet.

Lovgrunnlag

Du kan klaga på vedtaket

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00


Tasteval:
1. Helse, omsorg og velferd
2. Bustad og sosiale tenester
3. Kart, bygg, veg og eigedom
4. Spørsmål om faktura
5. Andre førespurnader

eDialog
Send e-post på ein sikker måte