Avlasting barn og unge

Avlasting skal bidra til å lette omsorgsbyrda for personar med særleg krevjande omsorgsoppgåver for barn og unge over tid.

Målgruppe

Innbyggjarar som har særleg krevjande omsorgsoppgåver overfor barn eller unge med store og samansette hjelpebehov over tid.

Kva kan du få hjelp til?

Avlasting vert innvilga som pårørandestøtte til personar som har særleg krevjande omsorgsoppgåver Den som har særleg krevjande omsorgsoppgåver kan søkja om avlasting for å letta omsorgsbyrda. Det er den som utfører omsorg som har denne retten og ikkje den som treng omsorg

Tenesta vert tilbydd ut frå ulike behov og kan organiserast på ulike måtar.

Avlasting kan gjevast i følgjande former:

  • fortrinnsvis i privat avlasting
  • timeavlasting i eller utanfor heimen
  • avlasting i kommunal avlastingsinstitusjon
  • andre tenester, til dømes helsetenester i heimen eller praktisk bistand/heimehjelp
  • dagaktivitetstilbod - skal gi aktivitet og fellesskap til brukar og avlasting for pårørande

Kriterium og vurdering

Avlasting vert tildelt med utgangspunkt i individuell vurdering av behov og kan gjevast i form av timar eller døgnopphald. Avlastingstiltak vert sett i samanheng med andre tiltak, og det vert vurdert kva tiltak som er mest formålstenlege. Når det vert tildelt avlasting på institusjon, må det vera vurdert at ingen andre tiltak kan erstatta behovet.

Kriterium som vert lagt vekt på i vurderinga av kva som er særleg krevjande omsorgsoppgåver:

  • Omfanget og forventa behov over tid.
  • Om omsorgsarbeidet er særleg krevjande ut i frå barnet sin alder.
  • Særleg fysisk og psykisk krevjande oppgåver, til dømes nattarbeid.
  • Om den som er avhengig av hjelp, ikkje kan vera åleine delar av døgnet.
  • At omsorgsytar bur saman med den som mottek omsorg.
  • Innvilga hjelpestønad frå NAV.
  • Om du har omsorg for fleire enn den hjelpetrengjande.

Når omsorgsoppgåvene gjeld barn, skal alltid det beste for barnet vera det viktigaste i den faglege vurderinga. I vurderinga av kva som er særleg krevjande omsorgsoppgåver, blir det også teke med kva som reknast som normal omsorgsplikt overfor barn og unge som er under 18 år.

Kva forventar vi av deg som mottek avlasting?

Du melder frå så tidleg som mogleg om tenesta ikkje skal nyttast til avtalt tidspunkt.

Ved døgnopphald gjeld:

  • Du har oppdatert helseinformasjon til ei kvar tid.
  • Du har med oppdatert legemiddelliste.
  • Du har med medisinar og naudsynt medisinsk utstyr.

Praktiske opplysningar

Tenesta vil også inkludera eventuell transport der det er relevant. Pårørande må sjølv følgje brukar til aktivitetar som ikkje er i regi av avlastingsinstitusjonen.

Slik søkjer du

I søknadsskjema skriv du kva du søkjer. 

Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje ei fullmakt som må lastast opp som vedlegg til søknaden. Du kan bruka denne malen dersom du er usikker på kva ein fullmakt skal innehalde.Digitalt søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester

Papirskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 354 kB)
Send ferdig utfylt og signert skjema til:
Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Prisar

Tenesta er gratis, men tenestemottakar må sjølv betala utgifter til eigne aktivitetar under avlastingsopphald.

Lovgrunnlag

Du kan klaga på vedtaket

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00


Tasteval:
1. Helse, omsorg og velferd
2. Bustad og sosiale tenester
3. Kart, bygg, veg og eigedom
4. Spørsmål om faktura
5. Andre førespurnader

eDialog
Send e-post på ein sikker måte