DemoForslag

👷‍♀️ DETTE ER DEMOSIDE OG INNEHOLDER FEIL OM MANGLER 👷‍♂️

Retten til skuleskyss gjeld til/frå skuletida/undervisningstida. Retten til skuleskyss gjeld ikkje til/frå leksehjelp eller skolefritidsordning (SFO).

Avstanden mellom skule og heim må overstiga:

  • 2 km for 1. klasse i grunnskolen
  • 4 km for 2. til 10. klasse i grunnskolen
  • 6 km for vidaregåande skule

Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare veg eller gang- og sykkelsti.

Elevar i grunnskulen som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har rett til fri skuleskyss uavhengig av avstanden mellom skule og heim. Les meir på Utdanningsdirektoratet.

Funksjonshemma elevar og elevar som er mellombels skadde eller sjuke kan søkja om særskilt skyss på medisinsk grunnlag. Denne type skyss-søknad krev legeerklæring.

Sjå fullstendig skyssreglement for grunnskulen.

Kor skal eg søke skuleskyss?

Ikkje er ferdig innskriven

Dersom eleven ikkje er ferdig innskriven og ikkje registrert på ny skule i Vigilo, må du nytte eit anna skjema. Dette kan vere ved søknad om skuleskyss før fullført innskriving og i samband med innskriving på 1. trinn eller 8. trinn på ungdomsskule

Søknad om skuleskyss ved innskriving til 1. og 8. trinn

Innskriven elev

For elev som allereie er innskriven på barne- eller ungdomsskule, så må du søkje om skuleskyss i Vigilo foreldreportalen under menypunktet Søknader.

Søk om skuleskyss i Vigilo foreldreportal

Kontakt den aktuelle skulen for å få hjelp til å søkja om skuleskyss.

Søk skuleskyss Danielsen grunna farleg skuleveg (privatskule)

Søknadsskjema over gjeld berre dei kommunale skulane. Dersom det gjeld skuleskyss til Danielsen grunna farleg skuleveg sender du søknad til postmottak@oygarden.kommune.no . Merk søknad “Skuleskyss Danielsen”