Tidlegstemming

Det er mogleg å tidlegstemma frå 1. juli til og med 8. august.

Ill. Valavlukker - Klikk for stort bilete

Kven kan tidlegstemma?

Ordninga gjeld alle veljarar. Tidlegstemmegjeving er meint som ei ordning for dei som ikkje har høve til å stemma på førehand innanfor ordinær periode for førehandsstemming eller på valdagen. Det vert likevel ikkje kravd at veljaren må dokumentera at han ikkje har høve til å førehandsstemma eller stemma på valdagen.

Vi gjer merksam på at dei ordinære stemmesetlane ikkje er klare ved tidlegstemming. Stemmesetlane som vert brukt ved tidlegstemming inneheld berre namn på alle registrerte politiske parti i Noreg. Dersom du ønskjer å stemma på eit parti/gruppe som ikkje står på stemmesetelen, skriv du namnet på partiet/gruppa i det blanke feltet på stemmesetelen.

Kvar kan ein tidlegstemma?

Du kan tidlegstemma innanfor ordinær opningstid på Innbyggartorget og biblioteket på Sartor Storsenter. Hugs å ta med gyldig legitimasjon