Førehandsstemming

Du kan førehandsstemma frå 11. august til og med 5. september til stortingsvalet og sametingsvalet.

Ill. Stemmeseddel i valurne - Klikk for stort bilete

Du kan førehandsstemma i den kommunen du sjølv ønskjer. Dersom du førehandsstemmer i ein annan kommune enn der du er innført i folkeregisteret, må du gjera dette så tidleg at stemma når fram til heimstadkommunen din gjennom posten innan valdagen. 

Hugs å ta med deg gyldig legitimasjon som syner bilete, namn og fødselsdato (t.d. pass, førarkort (også digitalt), nasjonalt ID-kort, eller bankkort med bilete). 

Her kan du førehandsstemma

  • Bibliotekshagen - Sartor Storsenter
    (Bibliotekshagen ligg i eige lokale ved sida av butikken Feel)
  • Innbyggartorget og biblioteket - Sund Senter
  • Innbyggartorget og biblioteket - Rong Senter

I tillegg kan du særskilde dagar stemma på helseinstitusjonane og dei vidaregåande skulane i kommunen.

Du får ikkje lenger valkort

Alle stemmeberettiga vil få informasjon (ikkje valkort) om kor dei kan stemma, enten via digital postkasse eller i posten dersom dei ikkje har digital postkasse. 

Opningstider for førehandstemming

Tal på mottatte førehandsstemmer i Øygarden

Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023 var det registrert 9411 førehandsstemmer, medan det for stortingsvalet 2021 var registrert 13055 førehandsstemmer.