Kva kan det klagast over?
Veljarane kan klage på alle typar forhold så lenge det er knytt til korleis valet skal førebuast og gjennomførast. Forholdet må vere eit brot på regelverket for korleis valet skal førebuast og gjennomførast.
Kven kan klage ved stortingsval
Alle med stemmerett ved valet kan klage til valdistriktet der dei er manntalsførte.
Gjeld klagen spørsmål om stemmerett eller om tilgangen til å stemme, har også den som ikkje har blitt manntalsført, klagerett.
Formelle krav til klagen
Følgjande krav til sjølve klagen må vere oppfylt for at klagen skal vere gyldig:
- Klagen må vere skriftleg og må innehalde dei faktiske forholda klagen bygger på.
- Klagen må ha kome inn til valstyret i kommunen.
- Klagen skal setjast fram for valstyret.
- Den alminnelege rettleiingsplikta for forvaltningsorganet er gjeldande, noko som inneber at eit kvart forvaltningsorgan skal sende saka til rett instans dersom den kjem feil.
- Sjå klagefristar i avsnittet klagefrist.
Klagefrist
- Hovudregelen er at klagefristen er innan fire dagar etter valdagen. Det er ikkje tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan fristen.
- Fristen for å klaga på vedtak om retting av manntalet er sju dagar frå melding om manntalsvedtaket kom fram til klagaren.
- Fristen for å klaga på valstyret sitt valoppgjer er fire dagar etter at protokollen med valoppgjeret er kunngjort.
Det er ikkje tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan fristen.
Klageinstans
Dersom valstyret ikkje tek ei eventuell klage til følgje vert den sendt vidare til riksvalstyret, som er klageorgan og som kan gjera vedtak om avvising. Valstyret skal grunngje kvifor ein meiner at klagen skal avvisast.
Klage skal sendast til
Klage skal sendast til valstyret i Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong, e-post: postmottak@oygarden.kommune.no.
Valstyret er rett instans viss det vert klaga over forskjellige forhold knytt til stemminga.
Distriktsvalstyret er rett instans dersom det vert klaga på valoppgjeret.
Klager som kjem før valdagen
Valstyret skal «utan ugrunna opphald» prøve saka og vurdera om klagen skal få medhald. Dersom ein kjem fram til at klagar får medhald og feilen kan rettast, vert saka avslutta.
Dersom feilen ikkje kan rettast kan det ikkje gjevast medhald i klagen, og den må sendast vidare til riksvalstyret.
Klager som kjem etter valdagen
Ved klager over forhold som ikkje kan rettast eller ved klager som ikkje får medhald, må valstyret utarbeide oversendingsbrev til riksvalstyret. Behandling av slike saker hastar, og kopi av klagen må omgåande - før utarbeiding av oversendingsbrev – sendast til riksvalstyret.