Tidlegstemming

Har du ikkje høve til å stemma i den ordinære perioden for førehandsstemming eller på valdagen? Då kan du tidlegstemma frå 1. juli til og med 9. august ved både kommunestyrevalet og fylkestingsvalet.

Ill. Valavlukker - Klikk for stort bilete

Kven kan tidlegstemma?

Alle som har stemmerett, kan tidlegstemma. Tidlegstemming er først og fremst ei ordning for deg som ikkje kan stemma i den ordinære perioden for førehandsstemming eller på valdagen. Du treng ikkje dokumentera dette.

Ver merksam på at dei ordinære stemmesetlane ikkje er klare i perioden for tidlegstemming. Då brukar vi ein eigen stemmesetel med namn på alle registrerte politiske parti i Noreg.

Dersom du ønskjer å stemma på eit parti eller ei gruppe som ikkje står oppført på stemmesetelen, kan du skriva namnet på partiet eller gruppa i det tomme feltet.

Kvar kan ein tidlegstemma?

Du kan tidlegstemma innanfor ordinær opningstid på Innbyggartorget og biblioteket på Sartor Storsenter. Hugs å ta med gyldig legitimasjon!