Kva stemmer du på ved kommunestyrevalet og fylkestingsvalet?

Ved kommunestyrevalet og fylkestingsvalet i 2027 vel du kven som skal representera innbyggjarane i kommunen og fylket dei neste fire åra. Valet gir deg høve til å påverka korleis lokalsamfunnet og regionen skal utvikla seg.

Kommunestyrevalet

Når du stemmer ved kommunestyrevalet, er du med på å velja representantar til kommunestyret i kommunen din for dei neste fire åra.

Kommunestyret er det øvste folkevalde organet i kommunen. Dei folkevalde tek avgjerder i saker som påverkar kvardagen til innbyggjarane, til dømes barnehage, skule, helse- og omsorgstenester, kultur, idrett, bustadutvikling og lokale vegar.

Fylkestingsvalet

Når du stemmer ved fylkestingsvalet, er du med på å velja representantar til fylkestinget for dei neste fire åra.

Fylkestinget er det øvste folkevalde organet i fylkeskommunen. Dei folkevalde har ansvar for mellom anna vidaregåande opplæring, tannhelsetenester, fylkesvegar, kollektivtransport, næringsutvikling og regional planlegging.

Val kvart fjerde år

Kommunestyrevalet og fylkestingsvalet vert haldne kvart fjerde år. Ved valet i 2027 er du med på å velja representantar for perioden 2027–2031.