Hugs at du har to stemmer
Ved kommunestyrevalet og fylkestingsvalet har du to stemmer. Du stemmer både på kven som skal styra kommunen din og kven som skal ta avgjerder for fylket dei neste fire åra.
Ved kommunestyrevalet og fylkestingsvalet har du to stemmer. Éi stemme gjeld kommunen din, og éi stemme gjeld fylket. Hugs å nytta begge dersom du ønskjer å påverka kven som skal styra dei neste fire åra.
I valavlukket får du to stemmesetlar:
- ein rosa stemmesetel til kommunestyrevalet
- ein blå stemmesetel til fylkestingsvalet
Du kan stemma ved begge vala, eller velja å stemma berre ved eitt av dei.
Sist endra 17.11.2026 18.05