Måndag 13. september 2027 er det kommunestyreval og fylkestingsval. Som innbyggjar i Øygarden kan du stemma i det vallokalet som passar best for deg. Alle dei 12 vallokala i kommunen er opne frå kl. 09.00 til 21.00.

Bruk heile opningstida
Det er ofte flest veljarar i vallokala på ettermiddagen, etter arbeidstid. Dersom du har høve til det, kan du med fordel stemma tidlegare på dagen. Då kan du unngå kø både i vallokalet, på vegane og ved parkering.
Det er parkeringsplassar utanfor eller i nærleiken av alle vallokala.
Lett tilgang for alle
Vallokala er universelt utforma og har eige avlukke som er lagt til rette for rullestolbrukarar, blinde og svaksynte.
På valdagen kan du stemma i det vallokalet i Øygarden som passar best for deg. Berre personar som står i manntalet i Øygarden kommune, kan stemma i vallokala våre på valdagen.
Du må ta med gyldig legitimasjon når du skal stemma. Døme på gyldig legitimasjon er:
- pass
- førarkort (òg digitalt)
- nasjonalt ID-kort
- bankkort med bilete
Oversikt over vallokale på valdagen 13. september 2027
Sist endra 17.11.2026 18.25