Førehandsstemming

Du kan førehandsstemma frå 10. august til og med 10. september til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2027.

Ill. Stemmeseddel i valurne - Klikk for stort bilete

Du kan førehandsstemma i den kommunen du ønskjer. Dersom du førehandsstemmer i ein annan kommune enn den du folkeregistrert i, må du stemma så tidleg at stemma kjem fram til heimkommunen din før valdagen. 

Hugs å ta med deg gyldig legitimasjon. Legitimasjonen må visa bilete, namn og fødselsdato. Døme på gyldig legitimasjon er pass, førarkort (også digitalt førarkort), nasjonalt ID-kort, bankkort med bilete). 

Her kan du førehandsstemma

  • Bibliotekshagen - Sartor Storsenter
    Innbyggartorget og biblioteket - Sund Senter
  • Innbyggartorget og biblioteket - Rong Senter

I tillegg kan du stemma på helseinstitusjonane og Sotra vidaregåande skule på særskilde dagar. Dersom du ikkje kan møta fram i eit vallokale på grunn av sjukdom eller uførleik, kan du søkja om heimestemming.

Du får ikkje lenger valkort

Alle som har stemmerett, får informasjon om kor dei kan stemma. Informasjonen kjem anten i den digitale postkassa di eller i posten dersom du ikkje har digital postkasse.
Merk at du ikkje lenger får tilsendt valkort.

Opningstider for førehandstemming

Tal på mottatte førehandsstemmer i Øygarden

Stortingsvalet 2025: 65 prosent stemte på førehand

Kommunestyre- og fylkestingvalet 2023: 62,4 prosent stemte på førehand