Klage på gjennomføring av valet

Dersom du meiner det har skjedd feil ved førebuinga eller gjennomføringa av valet, kan du klaga. På denne sida finn du informasjon om kven som kan klaga, kva du kan klaga på, og kva fristar som gjeld.

Kva kan du klaga på?

Du kan klaga på alle forhold som kan innebera brot på reglane for korleis valet skal førebuast og gjennomførast.

Kven kan klaga?

Alle kan klaga dersom klagen gjeld stemmerett eller høvet til å stemma.
Veljarar med stemmerett kan òg klaga på forhold som gjeld førebuinga eller gjennomføringa av valet i kommunen der dei stemte eller prøvde å stemma.

Krav til klagen 

For at klagen skal vera gyldig, må han:

  • vera skriftleg
  • gjera greie for dei faktiske forholda klagen byggjer på
  • koma inn innan gjeldande klagefrist

Dersom du sender klagen til feil instans, skal forvaltningsorganet senda saka vidare til rett insta

Klagefristar

  • Hovudregelen er at klagefristen er fire dagar etter valdagen.
  • Fristen for å klaga på vedtak om retting av manntalet er sju dagar etter at meldinga om vedtaket har kome fram til klagaren.
  • Fristen for å klaga på valoppgjeret er fire dagar etter at valoppgjeret er kunngjort.
  • Fristen for å klaga på kommunestyret sitt vedtak om gyldigheita av valet er sju dagar etter at vedtaket er kunngjort.

Det er ikkje tilstrekkeleg å posta klagen innan fristen. Valstyret må ha motteke klagen før fristen går ut.

Kor skal du senda klagen?

Send klagen til valstyret i Øygarden kommune:  

Valstyret i Øygarden kommune
Postboks 33
5331 Rong
E-post: postmottak@oygarden.kommun

Kven avgjer klagen?

Riksvalstyret er klageinstans for klagar etter vallova.

Valstyret i Øygarden tek imot og vurderer klagen først. Dersom valstyret ikkje kan retta opp forholdet det er klaga på, eller ikkje gir klagaren medhald, sender valstyret saka vidare til riksvalstyret for endeleg avgjerd.

Klagar før valdagen

Valstyret skal utan ugrunna opphald vurdera klagen og ta stilling til om klagaren skal få medhald.

Dersom valstyret gir klagaren medhald og feilen kan rettast, rettar valstyret feilen og avsluttar saka.

Dersom feilen ikkje kan rettast, sender valstyret saka vidare til riksvalstyret.

Klagar etter valdagen

Dersom valstyret ikkje gir klagaren medhald, eller dersom forholdet det er klaga på ikkje kan rettast, skal valstyret utarbeida eit oversendingsbrev og senda saka vidare til riksvalstyret for endeleg behandling.