Øygarden bustadforvaltning KF - styret
Øygarden bustadforvaltning KF er eit kommunalt føretak som tek vare på, driftar og held ved like bustadmassen som Øygarden kommune eig. Føretaket har ansvar for at kommunale bustader blir forvalta på ein trygg, profesjonell og langsiktig måte, slik at dei kan vera eit godt og stabilt bumiljø for dei som treng det.
Føretaket blir leia av eit ansvarleg styre med fem medlemmar, oppnemnt av kommunestyret. Varamedlemmar er også valde for å sikre kontinuitet og god styring av verksemda.
Styremøta i Øygarden bustadforvaltning KF er opne for publikum, og alle interesserte kan følgje møta frå tilhøyrarplass. Føretaket praktiserer openheit i tråd med regelverket, og saker som kan offentleggjerast, vert behandla i ope møte.
Kommunedirektøren kan, dersom han meiner at styret handterer ei sak på ein måte som ikkje er i eigarens (kommunen sin) interesse, bringe saka vidare til kommunestyret. Ein slik prosess kan få oppsetjande verknad, slik at saksbehandlinga blir stoppa inntil kommunestyret har teke stilling.
Sjå alle kommande møte
Tidlegare møte og saker
I møteplanen finn du oversikt over tidlegare møte. Under «møtetidspunkt» kan du velja periode.
Representantar i Øygarden bustadforvaltning KF - styret
Kontakt Øygarden bustadforvaltning KF
Her finn du kontaktinformasjon til dagleg leiar og dei andre som arbeider i føretaket.
Publisert 14.01.2026 17.54