Politiske møtebøker før 1920

Digitalarkivet.no arbeider mellom anna med å gjera gamle politiske møteprotokollar digitalt tilgjengelege. No kan du til dømes finna møtebøker etter formannskapet frå regionen vår før 1920.

For gamle Øygarden kommune (Hjelme, Herdla og Manger) er det møtebøker fram til 1915/1920, medan du finn møtebøker frå tidlegare Sund kommune fram til 1911. Frå Fjell er det møtebøker tilgjengelege fram til 1917.

Digitalarkivet.no har fått mykje merksemd den siste tida fordi lesesalane ved arkivinstitusjonane har vore stengde og fleire har etterspurt meir materiale digitalt.

Arbeidet med å digitalisera historia på denne måten bidreg til å sikra innbyggjarane tilgang til kulturarven som er ein demokratisk rett.

Her er lenkje til dei aktuelle møtebøkene frå dei gamle kommunane våre