Historisk vedtak om å danna ny kommune

Måndag ettermiddag vedtok kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden at dei vil danna ein ny kommune i regionen med verknad frå 2020.

Frå møtet i Øygarden i dag; ordførar Børge Haugetun og varaordførar Artle Dåvøy.

I Øygarden vart vedtaket gjort med 15 mot åtte røyster (Arbeidarpartiet, SV og ein representant frå Tverrpolitisk valliste for Øygarden). I Sund var det Senterpartiet sine to representantar og ein representant frå Arbeidarpartiet som røysta imot. I Fjell kommunestyre vart vedtaket gjort samrøystes.

– Eg trur at ein ny kommune vil vera framtidsretta og vil løysa dei utfordringane vi står overfor. Det har vore ein lang og god debatt, og det har ikkje vore noko enkelt val, sa ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, då han mot slutten av kommunestyremøtet oppsummerte debatten.

– Vi skriv historie

– Vi er med og skriv historie i dag. 18 av 21 kommunestyrerepresentantar i Sund gjekk inn for å danna ein ny kommune vestom Sotrabrua. Det vert veldig spennande å følgja prosessen vidare, seier Sund-ordførar Kari Landro.

Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy seier at dette er ein merkedag som har stor tyding for utviklinga av den nye kommunen til beste for innbyggjarane.

– Dette er den mest omfattande saka og den med størst konsekvens for framtida som eg har vore med på å vedta, seier ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy.

Frå kommunestyremøtet i Sund i dag.

Sender søknad

Formelt vart det vedteke i alle dei tre kommunane at dei søkjer om å få etablera ein ny felles kommune med iversetjingsdato første januar 2020. Underskriven intensjonsavtale skal leggjast til grunn for den nye kommune. Kommunestyra vedtok vidare at felles forhandlingsutval (13 politikarar frå dei tre kommunane) vert beden om å halda fram den gode dialogen og leggja til rette for ein raskt kan ta viktige avgjerder etter stortingsbehandlinga.

I perioden februar – juni har dei tre kommunane arbeidd jamt og trutt med kommunereforma. Intensjonsavtalen vart underteikna av felles forhandlingsutval den 7. mars. I etterkant har kommunane gjennomført ei rekkje informasjonstiltak og gjennomført ei innbyggjarundersøking.

Alle reiste seg i Fjell då det skulle røystast i Fjell kommunestyre.

Prosess fram til ny kommune

Etter at Fylkesmannen i haust «teiknar sitt kommunekart» for Hordaland, skal regjeringa fremja ein stortingsproposisjon som vert lagt fram for avgjerd i Stortinget første halvår 2017.
Kommunane vil så få utbetalt eingongskostnader med kommunereforma.

Vidare skal Fylkesmannen eller Kommunale- og moderniseringsdepartementet kalla inn til felles kommunestyremøte. På dette møte skal ein mellom anna ta stilling til namn på den nye kommunen, tal på medlemer i kommunestyret og val av fellesnemnd. Før den nye kommunen er etablert, skal det veljast kommunestyre hausten 2019.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Ingunn Teigen (Øygarden), Jørgen Kausland (Sund) og Vigleik Brekke

Fotogalleri

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete