Tapt arbeidsinntekt og utgifter

Folkevalde som på grunn av tillitsvervet er påført inntektstap eller andre utgifter, har krav på å få erstatta dette opp til eit gitt beløp. Forskrift om folkevalde sin rett til godtgjersle og velferdsgode i Øygarden kommune omtalar kven som kan få dekka tapt arbeidsinntekt.

Godtgjersle for tap av inntekt vert berre gitt til dei som faktisk har eit tap i inntekt. Tap av fritid vert ikkje erstatta.

Personar som går i mindre enn full stilling eller går i turnus/skiftarbeid, får tapt arbeidsforteneste etter minstesats dersom eit møte fell på ein fridag.

Tapt arbeidsinntekt eller andre utgifter
Type inntektstap Merknad % av ordførargodtgjersla
Meirutgifter til skyss-, kost- og overnatting, bokstav a Til ei kvar tid gjeldande satsar i kommunen sitt reiseregulativ. 0
Dokumentert tap av arbeidsinntekt – lønsmottakar, bokstav c Rekna etter 7,5 time pr dag. Arbeidsgjevar må dokumentera lønstrekket. Inntil 0,4% (+ sosiale utgifter) per dag Kr. 4 429

Send inn krav om tapt arbeidsinntekt til kommunen

Krav om tapt arbeidsforteneste og andre utgifter sender du inn elektronisk i Visma saman med krav om møtegodtgjersle og km.

Få generell erklæring frå arbeidsgjevar om trekk i lønn

Ved krav om refusjon av tapt arbeidsforteneste, må arbeidstakaren dokumentere tap i inntekt i form av generell erklæring frå arbeidsgjevar med slik informasjon:

  • Namn
  • At den folkevalde vert trekt i lønn for deltaking i politisk verksemd 
  • Lønn pr time

Ved lønsauke kan den folkevalde senda lønsslipp til sekretariatet som viser ny lønn.

Send erklæring frå arbeidsgjevar om trekk i lønn til møtesekretær eller til e-post: postmottak@oygarden.kommune.no

Dekking av utgifter til barnepass eller annan tilsynsperson

Du kan frå dekka utgifter som følge av vervet, også utgifter til andre for å utføre naudsynte arbeidsoppgåver, barnepass og andre omsorgsoppgåver du i samband med utføring av vervet ikkje sjølv kan utføre.

Dekking av utgifter til barnepass eller annan tilsynsperson
Type inntektstap Merknad % av ordførargodtgjersla
Dekking av utgifter, bokstav b Vert godtgjort etter rekning. Kravet skal attesterast av sted- fortredar, barnepassar eller annan tilsynsperson. Opptil 0,075% pr møte Kr. 830

Er du arbeidsgjevar og skal senda inn krav om lønsrefusjon?

Viss arbeidsgjevar og den folkevalde er einige om at folkevalde ikkje skal trekkast i lønn kan Øygarden kommune refundere dokumenterte lønnsutgifter til arbeidsgjevar.

Den folkevalde fyller ut skjema som fakturagrunnlag som vert sendt til arbeidsgjevar etter avtale.
Her skal det gå fram kva dagar/ møte og tal på timar den folkevalde har delteke i politiske møte og såleis vert trekt i løn.

Tapt arbeidsforteneste kan erstattast med inntil kr. 4429,- pr. dag i tillegg til feriepengar, arbeidsgjevaravgift m.m.

Krav om refusjon av lønn, ev. tapt arbeidsforteneste skal dokumenterast med kopi av lønnsslipp som viser utbetalt lønn.

Skjema til arbeidsgjevar - Fakturagrunnlag (XLSX, 13 kB)

Arbeidsgjevar sendar faktura til kommunen

Faktura sendast som EHF-faktura til Øygarden kommune. All nødvendig informasjon finn ein i ELMA.

Organisasjonsnummer: 922 530 890
Faktura merkast med:  Ansvar 1000

Tap av arbeidsforteneste som sjølvstendig næringsdrivande

Sjølvstendig næringsdrivande må dokumentere tap i arbeidsinntekt med likningsattest og frå eigenmelding som sannsynleggjer tapet. Det vert dekka inntil kr. 4429 pr dag. Kravet må innehalde informasjon om utval, møtedato og tal på timar (inntil 7.5 time pr dag).

Tap av arbeidsforteneste som sjølvstendig næringsdrivande
Type inntektstap Merknad % av ordførargodtgjersla
Dokumentert tap av arbeidsinntekt – sjølvstendig næringsdrivande, bokstav c Rekna etter 7.5 time pr dag. Dokumenterast med likningsattest og frå eigenmelding som sannsynleggjer kravet. Inntil 0,4% per dag Kr. 4 429

Faktura sendast som EHF-faktura til Øygarden kommune
Organisasjonsnummer: 922 530 890
Faktura merkast med:  Ansvar 1000
I fakturagrunnlaget skal det gå fram kva dagar / møte og tal på timar den folkevalde er trekt i løn. 

Er du folkevald og mottek stønad frå NAV?

Godtgjersle til folkevalde er ikkje lønn, men vert av NAV betrakta som inntekt.

Tapet du har i dagpengar eller arbeidsavklaringspengar får du dekka frå kommunen. Ta skjermbilete av timar du har meldt inn til NAV og legg denne som vedlegg til kravet til kommunen. Krav sendast elektronisk i Visma saman med møtegodtgjersle og km.

Pensjonar frå NAV

Du kan få avkorting i trygd eller pensjon viss du får for høg inntekt som folkevald i tillegg til den pensjonstypen du har. Ta kontakt med NAV viss dette er tilfelle.

Stønad der du sender meldekort, dagpengar eller arbeidsavklaringspengar - Tap.

Kva skal registrerast?

  • Du skal registrere alle timer du har hatt lønna arbeid, også i eigen næringsverksemd. Dette gjeld alle dagar i veka, også laurdag og søndag, uansett når på døgnet du jobbar.
    Unnataket er dersom du får lønn for fleire timar enn du faktisk har jobba. Då skal du føra opp alle timane du får lønn for.
  • Viss du har prosentstilling (fast godtgjersle), må du rekne den om til timar. Full stilling er vanlegvis 37,5 timar i veka.
  • Alle timar som er meldt inn vil gå til frådrag på utbetalinga frå NAV

Kontakt NAV

Kontakt NAV viss du

  • er i tvil om kor mange timar du skal føra opp
  • har eit yrke som ikkje har 37,5 timar pr veke som normal arbeidstid
  • deltek på deltidstiltak eller tiltak med lønn

Tapt arbeidsinntekt eller utgifter - forskrifta i sin heilskap

Forskrift om folkevalde sin rett til godtgjersle og velferdsgode i Øygarden kommune omtalar kven som kan få dekka tapt arbeidsinntekt:

§ 3. Rett til dekning av utgifter og økonomisk tap

Jamfør kommunelova § 8-3 har den som har eit tillitsverv i Øygarden kommune, krav på

  1. Skyss, kost- og overnattingsgodtgjersle i samband med vervet
  2. Dekking av utgifter som følge av vervet, også utgifter til andre for å utføre naudsynte arbeidsoppgåver, barnepass og andre omsorgsoppgåver ein i samband med utføring av vervet ikkje sjølv kan utføre
  3. Erstatning for tapt inntekt som følge av vervet.

Krav skal settast fram av den folkevalde

Krav skal settast fram av den folkevalde via kommunen sitt økonomisystem. Det kan sendast inn etter kvart, eller ein kan samla opp innanfor til dømes nokre månader. For at rekneskapsrapportar skal bli rette er det viktig at det vert sendt inn jamlege krav.

Utbetaling

All fast godtgjersle vert utbetalt den 12. i kvar månad i samsvar med vanlege rutinar for lønsutbetaling i kommunen. Krav må vera innsendt innan den siste i kvar månad for å rekka utbetaling den 12. i påfølgande månad.

§ 4.Utmåling av utgifter og økonomisk tap

Jamfør kommunelova § 8-3 – Folkevalde har krav på dekking av utgifter og økonomisk tap etter § 3 slik:

Utmåling av utgifter og økonomisk tap
Type inntektstap Merknad % av ordførargodtgjersla
Meirutgifter til skyss-, kost- og overnatting, bokstav a Til ei kvar tid gjeldande satsar i kommunen sitt reiseregulativ. 0
Dekking av utgifter, bokstav b Vert godtgjort etter rekning. Kravet skal attesterast av sted- fortredar, barnepassar eller annan tilsynsperson. Opptil 0,075% pr møte Kr. 830
Dokumentert tap av arbeidsinntekt – lønsmottakar, bokstav c Rekna etter 7,5 time pr dag. Arbeidsgjevar må dokumentera lønstrekket . Inntil 0,4% (+ sosiale utgifter) per dag Kr. 4 429
Dokumentert tap av arbeidsinntekt – sjølvstendig næringsdrivande, bokstav c Rekna etter 7.5 time pr dag. Dokumenterast med likningsattest og frå eigenmelding som sannsynleggjer kravet. Inntil 0,4% per dag Kr. 4 429
Ikkje dokumentert tap, bokstav c Rekna etter 7,5 time pr dag. Tapet skal sannsynleggjerast. 0,13% pr dag Kr. 1 439

Godtgjersle for tap av inntekt vert berre gitt til dei som faktisk har eit tap i inntekt. Tap av fritid vert ikkje erstatta.

Tapt arbeidsforteneste bør dekkast ved at kommunen oppmodar folkevalde sine arbeidsgjevarar til å fakturere kommunen direkte for fråvær, for å hindre at folkevalde tapar pensjon. Den folkevalde fyller ut skjema som fakturagrunnlag som vert sendt til arbeidsgjevar etter avtale.

Personar som går i mindre enn full stilling eller går i turnus/skiftarbeid, får tapt arbeidsforteneste etter minstesats dersom eit møte fell på ein fridag.