Korleis utforma forslag i ei politisk sak og spørsmål i møte

Skal du leggja fram eit forslag i ei sak eller stilla eit spørsmål i møtet, må du leggja dette inn i møteportalen i den aktuelle saka eller møtet. Nedanfor finn du ei rettleiing for korleis du bør utforma spørsmål og forslag.

Alle forslag skal sendast inn via møteportalen, men er ikkje framlagt før du også presenterer det munnleg i møtet. Munnleg framlegging er nødvendig for at forslaget skal vera gyldig.

Utforming av forslagstekst til politiske saker

Forslaget skal kunne nyttast tilnærma ordrett i vedtaket. Teksten skal:

  • vere tydeleg og presis utan rom for misforståingar
  • vere utan ordforkortingar
  • bestå av heile setningar
  • ikkje innehalda metaforar, retorikk eller uformelle uttrykk
  • ikkje innehalda grunngjeving eller meiningsutveksling – dette skal du leggja fram munnleg
  • vere formulert slik at det går klart fram at det politiske organet gjer vedtaket

Døme på korrekt formulering:

  • «Kommunestyret vedtek at …»
  • «Levekårsutvalet tilrår at …»

Bruk ikkje namn på parti eller person når du formulerer vedtak.

Merk at tekst som inneheld meiningsutveksling eller unødvendig lange innleiingar, vert fjerna frå forslaget.

Fagleg assistanse

Administrasjonen kan hjelpa med korrekt juridisk formulering, særleg når saka krev grunngjeve vedtak. 

Protokolltilførsel

  • Ein protokolltilførsel er ein personleg merknad frå ein medlem av eit politisk organ, som vert teken inn i møteprotokollen, men som ikkje påverkar sjølve vedtaket.
  • Ei eventuell protokolltilførsel skal leggjast inn som eige forslag med overskrifta Protokolltilførsel
  • Innhaldet er ei personleg merknad frå eit medlem og påverkar ikkje vedtaket.

Krav til formulering av spørsmål til råd og utval

Spørsmål skal leggast fram i saka “Spørsmål” for råd og utval og “Spørsmål og interpellasjonar” for kommunestyret.

Alle spørsmål skal:

  • gjelda kommunale tilhøve
  • vere relevante for fleire enn den som spør
  • vere korte og tydelege
  • ikkje ha lange innleiingar og meiningsutvekslingar (forklaringa til spørsmålet gir du munnleg i møtet)
    • ha ei kort og sakleg innleiing dersom det er nødvendig for å forstå spørsmålet
    • munna ut i eit konkret spørsmål

Dersom representanten har fleire tema, skal vedkomande levera dei som fleire spørsmål.


Merk at tekst som ber preg av meiningsutveksling eller unødvendig lange innleiingar, vert fjerna frå spørsmålet.