Folkevaldopplæring

Øygarden kommune har bestilt KS folkevaldopplæring for opplæring av folkevalde. Presentasjonar i opplæringa vil bli lagt ut på denne sida når dei ligg føre. Det vil også bli lagt ut lenke til opptak frå samlingane i kommune-TV. Medlemmer og nokre vara i utvala vil bli invitert til opplæringa. Dei som skal delta vert tilskrive direkte.

Tidspunkt for folkevaldopplæring

Hefter for folkevalde

KS har utvikla fleire nyttige hefter for folkevalde. I tillegg til handbok for ordførarar har dei hefter om møteskikk, rettigheiter og plikter, folkevalde sitt arbeidsgjevaransvar og anbefalingar om eigarskap, selskapsleiing og kontroll.


Kurs – Tilbod til nye folkevalde

KS tilbyr digitalt kurs for deg som er folkevald for første gong. Kurset er ein del av KS Folkevalgtprogram.