Kommunal kriseleiingLytt til tekstenStopp avspillingDen kommunale kriseleiinga har ein overordna funksjon i samband med handtering av større uønskte hendingar.KriseleiingaKriseleiing kan etablerast når:hendinga vil eller kan påverke mange innbyggjarar i kommunenhendinga krev tiltak frå fleire kommuneområderhendinga vil medføre eit stort informasjonsbehov Mindre hendingar vert handtert på fagnivå.Beredskapssjef i Øygarden kommune er June Johannesen. Beredskapskoordinator er Thomas Bekkenes.Kommunedirektør, assisterande kommunedirektør og kommunalsjefane har ansvar og fullmakt til å etablera kriseleiing. Ordførar har ansvar for kontakt med publikum og media.Medlemmar i kriseleiinga: kommunedirektør, kommunalsjefar og støtte funksjonar. Ordførar skal alltid kallast inn til første møte.ReferatHer finn du referat frå møte i KKL Sist endra 23.11.2023 08.03