TØRN i tenesta for personar med nedsett funksjonsevne
Dette prosjektet handlar om å finna smartere måtar å jobba på i tenestene for personar med nedsett funksjonsevne. Prosjektet er avgrensa til å gjelda dagsenteret og bustadane på Rong.
Vi ser på korleis dei tilsette kan jobba saman på ein måte som gir trygge, gode kvardagar for dei som bur og får hjelp der. Målet er at arbeidsdagen skal bli meir oversiktleg og at folk slepp å springa så mykje. No er prosjektgruppa på veg inn i arbeidet, og prosjektet vil pågå til ut 2027.
Sist endra 25.03.2026 12.17