Rekrutteringsprogram for helse og velferd
Øygarden kommune har eit stort behov for tilsette i helse- og omsorgstenestene våre. Gjennom tett samarbeid med NAV vil kommunen rekruttera unge utanfor arbeidslivet til kommunale helse- og omsorgstenester.
Dette vil både sikra rekruttering til ein sektor med stort behov for fleire tilsette, samtidig som vi reduserer unge menneske som fell utanfor samfunnet. Prosjektet er under oppstart, og det er søkt om midlar frå Helsedirektoratet for å finansiera utgifter til rekrutteringsprogrammet.
Sist endra 25.03.2026 12.17