Om overordna prosjekt

Her finn du informasjon om overordna prosjekt for Areal og lokalisering av tenester.

Solsio - nytt administrasjonsbygg - Klikk for stort bilete

Bakgrunn

Øygarden kommune skal flytte frå dagens rådhus til nye kontorplasseringar innan 1. kvartal 2027. Dette inneber vesentleg mindre arealbruk og er eit konkret tiltak for arealeffektivisering. Prosjektet skal sikre ein framtidsretta kontorstruktur i hele kommunen, god medverknad, og ein praktisk og berekraftig flytteprosess med fokus på ombruk og gjenbruk. Prosjektet vil også omfatta tenester lokalisert på andre kontorbygg, og der leigekontraktar går ut i 2026.

Overordna mål

Flytting frå dagens rådhus og sikre plass til tilsette i andre lokalar innan 1. kvartal 2027 med optimal arealutnytting, kostnadseffektiv drift og godt arbeidsmiljø. Dette vil gjelda både i eit kortsiktig og langsiktig perspektiv. Nokre tenester må handterast tidlegare / isolert, dersom til dømes leigekontraktar går ut.  

Prosjektavgrensing

Prosjektet vil i hovudsak handle om dei tilsette som i dag har kontorplass på rådhuset og i leigekontraktar som går ut i 2026.  Nokre andre tilsette kan også bli påverka dersom dei får nye kollegaer inn på sine arbeidsplassar.

Organisering

  • Styringsgruppe: Styringsgruppa i Øygarden pluss (komdir leiargruppe + HTV og HVO)
  • Prosjektleiar: Leiar for eigedomsutvikling / Reidun Våge Danielsen
  • Prosjektressursar:
    • June Johanessen, einingsleiar HR, forvaltning og kvalitet
    • Lisbeth Grosvold, forhandlingssjef
    • Jarle Kvalvik, eigedomssjef
    • Ivan Nakken, einingsleiar Byggforvaltning
    • Jørgen Kausland, einingsleiar IKT og dokumentsenter
    • Monica Hovland, avdelingsleiar Informasjon og kvalitet
    • Vibecke Hodnekvam, representant frå tillitsvalte  
    • Silje Sørbotten Nilsen, representant frå verneombod  

Underprosjekt

Kommunikasjonsplan

Kommunikasjonsplan for Areal og lokalisering av tenester (PDF, 476 kB)

Kartlegging: bruk av lokale - første steg

  • Kor mange tilsette har sin faste plass på staden ( kontorplassar)
  • Tal på tilsette på kvar eining.
  • Bruk av heimekontor/kor mange dagar i veka er det vanleg med bruk av heimekontor
  • Kva type arbeid har hovudvekt, arbeid ved pult eller mykje på oppdrag/møter?
  • Kven samhandlar de med?-andre einingar/avdelingar internt i kommunen
  • Kva andre einingar er det viktigast/nyttig å sitta saman med?
  • Bruk av møterom/møteaktivitet-interne/eksterne møte
  • Publikumsbesøk, kor ofte og kva type kontakt
  • Digital samhandling
    • Kor mykje av samhandlinga med andre skjer digitalt i dag, og fungerer det godt?
    • Er det potensiale for å auka digital samhandling?
  • Behov for spesialrom eller andre fasilitetar som vi bør kjenna til (til dømes lydtette rom)
  • Krev arbeidet høg grad av konfidensialitetsom gjer utfordringar i opent kontorlandskap?
  • Er det viktig for å utføre arbeidsoppgåvene at tenesta/eininga er lokalisert på Straume?