Opplæring i digitale verkøy

Dette prosjektet skal gjera alle tilsette i kommunen tryggare på digitale verktøy som dataprogram, system og nye løysingar. Når fleire forstår og kan bruka desse verktøya, arbeider vi meir effektivt, og kvardagen blir enklare.

Prosjektet er ein viktig del av arbeidet med å rusta heile organisasjonen for den digitale utviklinga kommunen står framfor. Vi skal finna ut kva opplæring medarbeidarane treng, og vi skal sørga for at alle får støtte til å læra det dei treng for framtida.