Framtidsretta bustadstruktur for personar med nedsett funksjonsevne

Her ser vi på korleis bustadane for menneske med ulike hjelpebehov kan bli betre plasserte og betre organiserte.

Dersom bustadane ligg nærare kvarandre, kan dei tilsette samarbeida betre og hjelpa fleire på ein trygg og god måte. Vi håpar dette også kan spara kommunen for pengar og tid. Prosjektet er akkurat starta opp, og skal tilrå ein bustadstruktur for framtida som skal gje både gode tenester og effektiv drift.