Dette er vår profilmanual
Den moderne strilen står sentralt i den visuelle identiteten til Øygarden. Intensjonsavtalen mellom dei tre samanslåtte kommunane har gjeve tydelege føringar for arbeidet: Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Her er også visjonen skildra: Øygarden – eit fyrtårn i vest.
Gjennom innsiktsarbeid og arbeidsverkstad der folk frå ulike samfunnsgrupper har delteke, har vi definert merkepersonlegdomen som tydeleg, framtidsretta, jovial og nøysam. Personligdomen byggjer på vår felles kyst- og strilekultur og kjem til syne gjennom både logo, visuelle og tekstlege profilelement og biletstil.
I denne profilmanualen har vi skildra den visuelle identiteten til Øygarden og korleis vi kan sikra at kommunen står fram som ein tydeleg og profesjonell avsendar uansett om vi kommuniserer gjennom tekst eller bilete, på nett eller papir.
Den grafiske profilen til Øygarden kommune er utarbeidd av AG&.
Som ei rettesnor har vi utarbeidd ei kortfatta kommunikasjonsplattform:
Øygarden kommune er tydeleg, vennleg, rett på sak og snakkar eit språk folk forstår. Vi brukar stolt dialekten vår, er joviale og har glimt i auga.
Fonten Raleway er brukt i logoen og skal også brukast som hovudfont for trykksaker. Den gjev eit solid og moderne uttrykk som er tydeleg og fleksibel, med mange forskjellige tjukkleikar. For malar på skjermbaserte plattformer som Word og Powerpoint og web brukar vi Verdana. Denne fonten er tilgjengeleg for alle og har mange av dei same kavalitetane som Raleway.
Biletstilen skal i størst mogleg grad byggja opp under merkepersonlegdomen vår: tydeleg, framtidsretta, jovial og nøysam. Samstundes skal vi speila den flotte naturen som Øygarden byr på. Vi tilstrebar difor utandørs foto der det let seg gjera. For å skapa dynamikk, prøver vi å finna ein gul detalj i biletet som harmonerer med den gule hovudfargen. Vi viser også to døme på bilete med lyskjegla lagt til. Her kan alle fargane nyttast med InDesign-effekten ”fleire” lagt på.

E-post er ein av de viktigaste kommunikasjonsflatene våre, og skal alltid ha ei offisiell utforming. Den gjev eit tydeleg signal om at det er Øygarden kommune som er avsendar. Tilsette skal bruka lik mal. Eigenkomponerte signaturar skal aldri nyttast.
Kommunale bilar
For at Øygarden kommune skal ha ei tydeleg og lik profilering, må logoen alltid vere lett å sjå på alle kommunale køyretøy. Plasser logoen slik at ho synest godt frå fleire kantar, og sørg for at ho ikkje kjem i vegen for annan viktig merking.
- Bilar med mørk farge: Bruk kvit logo for best mogleg kontrast og synlegheit.
- Bilar med lys farge: Bruk originallogoen. Dersom avstanden eller fargekontrasten gjer logoen vanskeleg å sjå, kan du bruke svart logo som alternativ.


Også språket vårt skal byggja opp under merkepersonlegdomen vår: tydeleg, framtidsretta, jovial og nøysam. Den språklege tonen vår skal vera profesjonell og direkte, men samstundes vennleg og jovial. Vi brukar gjerne dialektord og tillet også bruk av lun humor i språket vårt.
Adminstrasjonsspråket til Øygarden kommune er nynorsk.
Materiell
Skilt skal ha ei tydeleg og synleg kommunelogo, og plasserast slik at dei er lett å sjå for både gåande og køyrande.
Skilting av bygg
- Bruk Raleway som font for byggnamn.
- Skriftstorleik og linjeavstand skal følgje logomalen.
- Ein tynn vertikal strek skal stå mellom D-en i logoen og byggnamnet.
Skilt skal ha god kontrast og ikkje hindre annan viktig informasjon.

Innbyggartorg og bibliotek

Rong kulturhus

Det er utarbeidd ei løysing for å generera trykkfilar for visittkort.
Her er ulike annonsemalar og kunngjeringsmalar for Øygarden kommune.
Sist endra 17.02.2026 09.35