eDialog - send post på ein sikker måte

Med tenesta eDialog kan både privatpersonar og verksemder senda dokument til Øygarden kommune via ein sikker og effektiv kanal.

  • Tenesta krev sikker identifisering som til dømes bankID
  • Data blir overført kryptert
  • Det gir ein sikker identifikasjon av avsendar
  • Dokument blir sendt elektronisk og mottekne direkte i vårt system
  • Vi sparar tid på postgang og postregistrering

Du kan nytta eDialog om du

  • skal senda post med konfidensielle opplysningar
  • skal senda dokument til eksisterande sak
  • skal senda andre dokument til saksbehandling eller journalføring

Du skal ikkje nytta eDialog om

Send inn post via eDialog

Nyttig å vita når du fyller ut skjema

  • Gi god omtale av kva sendinga gjeld i tittel. Har du saksnummer frå Øygarden kommune, skriv dette inn saman med tittel på innsendinga
  • Kommentaren din blir lagt inn som eit eige vedlegg til sendinga
  • Vurder om sendinga inneheld personsensitive opplysningar
  • Last opp nødvendige vedlegg
  • Du vil få ei kvittering i nettlesar og sendt til e-postadressa di med referansenummer for sendinga

Du kan svara kommunen via eDialog

Dersom Øygarden kommune sender brev til deg via Altinn, Digipost eller e-Boks, vil du i oversendinga sjå lenke til eDialog-skjema "Svar på denne forsendelsen".

Der kan du fylla ut, lasta opp vedlegg og senda tilbake. Svaret blir sendt direkte inn i sak-/arkivsystemet på rett sak.