Digitale verktøy i skulen

FEIDE er identitetsløysinga til Utdanningsdirektoratet for sikker innlogging og datadeling i utdanning og forsking, og vert nytta i Øygarden kommune for tilgang til skuleressurser for elevar og skuletilsette.

Manglar du passord, eller får feilmelding på passord, ta kontakt med din kontaktlærer. (Gjeld for elevar).

For elevar

Elevar som tilhøyrer Øygarden kommune kan få sitt passord ved å henvende seg til sin kontaktlærar på sin skule. Dei vil kun gje passord til brukerkontoens eigar. Det same gjeld dersom eleven har gløymd sitt passord, og treng å få laga eit nytt. Elevar må alltid hugse å endre førstegangspassordet sitt.

For tilsette

Tilsette i skulane i Øygarden kan enten kontakte skulens IT-kontakt eller melde sak i Tilsettservice for å få resatt passord.

Dersom dette ikkje fungerer, kan du kontakte skulens IT-kontakt for å få satt nytt passord. Er du usikker på kven det er, ta kontakt med din næraste leiar.