Gi arealinnspel til kommuneplanen

I tida 23. januar – 8. mars 2026 kan du gi arealinnspel til kommuneplanen 2027-2039. 

Innspela kan handla om kvar eller korleis du ønskjer at vi skal bygga i Øygarden. Du kan også koma med forslag til stader vi ikkje bør bygga, for å ta vare på naturen, landskapet, friluftsinteresser, tilkomst til sjø eller anna som er viktig for deg. Innspela treng ikkje vera retta mot ein særskilt stad, og kan til dømes handla om kva som er viktig at vi legg vekt på der vi skal bygga ut (innspel til føresegner). Les meir om kva vi ønskjer innspel om lenger nede på denne sida.

Vi ber om at du registrerer innspela dine i den digitale innspelsportalen: 

Gje innspel her

Nedanfor kan du lesa alle innspela som har kome inn så langt. Dersom det er vanskeleg å navigera i oversikta, tilrår vi at du opnar ho i eit eige vindauge her.

Merk at det kan ta inntil ein verkedag før innspelet ditt er synleg i løysinga.

Har du spørsmål?

På innbyggartorga og biblioteka på Rong, Straume og i Skogsskiftet kan du få hjelp til å legga inn innspel i kartet. Her finn du informasjon om opningstid

Vi ønskjer særleg innspel om

Innspel som er ikkje er i tråd med arealstrategiane og senterstrukturen i samfunnsdelen, eller i konflikt med strategiane i planprogrammet blir ikkje vurdert. Les meir om dette mot slutten av denne sida.

Kva legg kommunen vekt på når vi vurderer arealbruk?

Øygarden kommune har i gjeldande planar store arealreservar. Det vil seia at vi har sett av for mykje areal til blant anna bustadbygging og næringsutvikling enn kva vi vil greia å bygga fram mot 2039. Dei statlege forventingane er derfor at vi reduserer omfanget av bygging i den nye arealdelen. Kommunen har, gjennom samfunnsdelen og planprogram for ny arealdel med strategiar, vore tydelege på kva verdiar vi skal ta vare på og ikkje bygga ned, men også kvar og korleis vi skal prioritera å utvikla. 

Gjeldande arealbruk i alle planar, arealinnspel om nye utbyggingsområde og innspel om andre tema som t.d. føresegner vil bli vurderte ut ifrå om dei er i tråd med:

  • Strategiane om verdiar vi skal bevara og utvikling for framtida, som er vedteken saman med planprogrammet for ny arealdel til kommuneplanen 2027-2039. Vi kjem til å grovsila arealinnspel ut i frå om dei er i konflikt med verdiar eller fareområde. Desse områda er markerte som blå på kartet i innspelsportalen. Vi ønskjer innspel til dei områda som ikkje er fargelagde. 
  • Arealstrategiane og senterstrukturen i samfunnsdelen. 
  • Statlege føringar som arealbruk og mobilitet, klima og energi, strandsona, jordvern og barn og unge sine interesser.
  • Regionale planar med føringar for kommunal arealplanlegging.