Vanar for livet – eit familiebasert livsstilskurs (FULLBOOKET)

Eit familiebasert livsstilskurs for familiar som har barn i alder 8-12 år (+/-) med overvekt eller fedme. Familien må ønskje, og sjå behov for å gjere endringar i kosthald og fysisk aktivitet. Kurset består av samtalegrupper, praktiske øvingar, fysisk aktivitet og bevegelseglede og heimeoppgåver. Kurset haldast ein gong årleg.

Dato
18. januar 2022
Tid
17:00 - 19:00
Stad
Øygarden Lokalmedisinske Senter, 2. etg. kurslokalene til Friskliv og Meistring

Målgruppe

Kurset passer for familiar som ønskjer:

  • Å bli meir medvitne på eigne val
  • Å ta gode val i kvardagen – for heile familien
  • Oppdage og utvikle tru på eigen endring
  • Finne val som passer for familien
  • Å lære å setje grenser
  • Styrke forholdet mellom barn og foreldre
  • Finne gode alternativ til kos og påskjønning
  • Gjere endringar saman med andre

Innhald

Tema for samlingane er:

  • Kom i gang - Korleis kome i gong med endring
  • Klare mål - Korleis oppnå gode vanar
  • Ta kontroll - Om å setje grenser og ta ansvar for gode val og vanar
  • Behovet bak følelsen - Om regulering av følelsar
  • Kva viss... - Gode grunnar til å ta gode val
  • Å vera til stades - Korleis ete for god helse
  • Full fart - Om kvardagsaktivitet og ein kropp i bevegelse
  • Smart mat for god helse - Om kva kroppen treng for å vekse og fungere som den skal
  • Tankens kraft - Korleis tankane påverkar handlingane våre, og korleis få fram dei gode tankane
  • Hald ut! - Om vegen vidare – på eigenhand
  • Uteøktar: Minst to av samlingane vil vere ute på tur eller ein annan aktivitet i lag

Vi jobbar med desse tema på ulike måtar, både gjennom samtale og refleksjon, praktiske øvingar, matlaging og fysisk aktivitet,
rørsleglede og heimeoppgåver.

Første samling er for foreldre, resten av samlingane er for både foreldre og barn. Nokre dagar er vi samla, og nokre dagar vil foreldre og barn bli delt i grupper kvar for seg.

Omfang/kursdatoar

Kurset har 12 samlingar på to timar. Kurset strekker seg over en periode på seks måneder, og det vil vera mulighet for oppfølgingssamlingar i etterkant av kurset.
Tysdagar kl. 17.00 - 19.00

2022:

  • Tysdag 18. januar kl. 17.00 - 19.00
  • Tysdag 25. januar kl. 17.00 - 19.00
  • Tysdag 15. februar kl. 17.00 - 19.00
  • Tysdag 22. februar kl. 17.00 - 19.00
  • Tysdag 8. mars kl. 17.00 - 19.00
  • Tysdag 29. mars kl. 17.00 - 19.00
  • Tysdag 5. april kl. 17.00 - 19.00
  • Tysdag 26. april kl. 17.00 - 19.00
  • Tysdag 3. mai kl. 17.00 - 19.00
  • Tysdag 10. mai kl. 17.00 - 19.00
  • Tysdag 24. mai kl. 17.00 - 19.00
  • Tysdag 7. juni kl. 17.00 - 19.00

Pris

Kurset kostar totalt kr. 500,- per familie som inkluderer kveldsmat og kursmateriell.

Påmelding

Ta kontakt med skulehelsetenesta (helsesjukepleiar/skulelege) for spørsmål og påmelding. Du kan òg kontakte Friskliv og meistring på e-post: Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no eller telefon 55 09 68 50

Arrangør

Friskliv og meistring.
Kurshaldarar: Linn Jeanette Waagbø, Unn Telle og Karina Wergeland Seglem