Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Intensiv traumekurs

Intensiv online traumebehandling. Behandlingstilbodet er basert på den godt dokumenterte traumebehandlingsmetoden EMDR (Eye Movement Desensitization and Reprocessing), og målet er å gi lindring frå tidlegare opplevingar som på fleire måtar plager deg og forringer din livskvalitet i dag. 

Ill. Pixabay

Tidspunkt
Måndag 18.10.2021 00.00 - fredag 29.10.2021 00.00
Stad
Digitalt arrangement

Innhald

Opplegget er intensivt, det vil sei at behandlinga blir komprimert over ein periode på 10 dagar. Dette betyr at vi ventar at du raskare oppnår lindring, men og at det vil krevje ein del av deg som deltakar. Vi ber derfor om at du sørger for å ha moglegheit til å delta på alle behandlingssesjonar og møter alle 10 dagane.

Behandlinga vil skje online, med ei enkel påkobling som du vil få hjelp til å få til.

Fysisk aktivitet vil bli vektlagt som del av behandlinga, og vi vil i samråd med deg som deltakar finne aktivitet som passar for deg.

I forkant av behandling vil vi gjere ei kartlegging og lage ein plan for behandlinga med kvar enkelt deltakar.

Arrangementet er digitalt - du får tilsendt link via e-post. Ei 2 timars økt med behandling per dag.

Målgruppe

Vi søkjer pasientar som har vore utsett for traumatiske hendingar, nyleg eller tidlegare i livet, som opplever ein eller fleire av følgande symptom når dei vert minna på hendinga eller kjem i situasjonar som liknar på det dei opplevde;

  • påtrengande minne
  • sterk kroppsleg aktivering
  • unngår påminnare

Vårt tilbod enger seg for pasientar, som til tross for det dei har opplevd, har eit tilnærma normalt funksjonsnivå, arbeidsmessig og sosialt. Eller der funksjonsnivået er vurdert midlertidig mildt/moderat svekka.

Pris

Kurset er gratis.

Påmelding/spørsmål om kurset

  • Ta kontakt med oss på e-post rph@oygarden.kommune.no
  • eller på telefon 469 49 904
  • eller be fastlegen din sende ei tilvisning til Rask psykisk helsehjelp

I tråd med helsepersonellova vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset.

Velkomen!