Frisk pust - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Frisk pust

Frisk pust er eit behandlingstilbod med fokus på å styrke di evne til å yte omsorg til deg sjølv. Tilbodet er eit samarbeid mellom Rask Psykisk Helsehjelp og treningssenteret Aktiv365. 

Klikk for stort bileteIll.

Dato
20. september 2021
Tid
14:00 - 15:00
Stad
Aktiv 365 på Skjenet 7, Straume

Innhald

Kurset går over 7 gonger og inneber:

  • 30 minutt trening på spinningsykkel eller 30 minutt enkel gruppetimetrening
  • 45 minutt styrketrening eller 45 minutt yoga
  • Servering av enkel lunsj og 45 minutters føredrag om korleis ta vare på eiga helse

(Det er ikkje naudsynt med noko erfaring frå trening for å delta og du vil få anledning til å prøve ut dei ulike treningstimane om du ønskjer).

På kurset får ein erfaring med å kjenne både på høg aktivering og på avspenning. Det er fokus på å finne ein god balanse mellom aktivitet og kvile, og finne tryggleik i at kroppen treng begge delar. Ein lærer ulike strategiar for å hjelpe seg sjølv til å kjenne igjen, anerkjenne og regulere vanskelege kjensler. Det overordna målet er å bidra til auka evne til å meistre stress og belastningar, gjennom erfaring med å ta godt vare på si eiga helse både fysisk og psykisk.

Målgruppe

  • Har du «brent lyset i begge endar» og treng hjelp til å finne ein god balanse mellom aktivitet / prestasjon og restitusjon / kvile?
  • Treng du hjelp til å finne att overskudd, energi og livsgnist?
  • Er du hjertefrisk, men likevel uroleg for om hjertet ditt kan tåle fysisk belastning?
  • Ønskjer du å trene, men unngår det fordi du blir utrygg på deg sjølv saman med andre?

Informasjonsmøte

Det vert halde eit oppstarts- og informasjonsmøte måndagen før kurset startar. Møte finn stad i Aktiv365 sine lokale. Her vil du få treffe kurshaldarane og trenarane, du vil få omvising på treningssenteret og mogelegheit til å snakke med nokon om du treng tilrettelegging for treninga.

Informasjonsmøte

Informasjonsmøte: Måndag 20. september kl. 14.00 - 15.00. Aktiv 365 på Skjenet 7, Straume

Øvrige kursdagar

Aktiv 365 på Skjenet 7, Straume | Kl. 09.00 - 12.00

  • Torsdag 23. september
  • Torsdag 30. september
  • Torsdag 7. oktober
  • Torsdag 14. oktober (Haustferie)
  • Torsdag 21. oktober
  • Torsdag 28. oktober
  • Torsdag 4. november
  • Torsdag 11. november

Ta med

  • Treningsklede
  • Drikkeflaske og ei liten handduk
  • Evt det du treng om du vil dusje på Aktiv 365 etter gruppa

Pris

«Frisk pust» går over 7 gangar og kostar 598,- (299,- pr mnd i to mnd.) Summen betalast til Aktiv 365 ved første møte. Du får eit fullverdig medlemskap på senteret i to mnd. Det er ingen binding etter kurset. (Dersom du allereie har medlemskap betaler du ingenting ekstra). 

Påmelding/spørsmål om kurset

I tråd med helsepersonellova vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset.