Monsterbesøk på Veten

Velkomen til figurteater ved den nye dagsturhytta på Veten.

Dato
25. mai 2024
Tid
13:00 - 13:45
Stad
Dagsturhytta Vetebu på Veten

Bestevenane Storemonster og Veslemonster har det alltid kjekt saman. Men ein dag då Storemonster vil leike, kan ikkje Veslemonster, for Raggmonster er på besøk. Det er ikkje noko kjekt å leike aleine. Skal tru om dei kan leike saman alle tre? Forestillingen bygger på biletboka med same namn av Áslaug Jónsdóttir, Rakel Helmsdal og Kalle Güettler. Framsyninga er ved skodespelar, litteraturformidlar og forfattar Adele Duus.
Påmelding her: https://oybib.hoopla.no/event/monsterbesok

Framsyninga startar ved dagsturhytta. Det blir ikkje felles tur opp, her kan folk koma frå den kanten dei vil. Kle dykk etter veret, ta med mat og drikke og bli med! Passer for barn frå 3 år. Her er eitt av tur framlegga frå Ut.no https://ut.no/turforslag/117550202/topptur-til-veten-i-sund og her kan du sjå meir info på kommunen sin side https://www.oygarden.kommune.no/.../tura.../veten.35329.aspx

Arrangør

Øygarden innbyggartorg og bibliotek