Reparasjonskafé - klær

Har du eit plagg som trengs å fiksast, men veit ikkje heilt korleis? Kom på reparasjonskafé hos oss på biblioteket på Straume

Dato
23. mai 2024
Tid
18:00 - 20:00
Stad
Innbyggartorg og bibliotek på Sartor Storsenter

Denne våren startar vi med reparasjonskafé fire torsdagar, med "kafévert", skreddar og redesignar Sabine Gottwald:
29. februar
14. mars
11. april
23. mai

Sabine har allereie hatt ein del sykurs og føredrag hos oss, og er ein engasjert og kunnskapsrik person som liker å ta vare på det som finst frå før, og gje nytt liv til gamle tekstilar.

Dette er et lågterskel tilbod som krev minimalt med førehandskunnskap, det er berre å møte opp!
Inga påmelding. Vi har nokre symaskinar tilgjengelege, men ta gjerne ditt eige utstyr med for å bli meir trygg på dette.
Vel møtt!

Repair cafe for clothing
Learn to mend clothes! Bring one or more garments you want to fix! We have the equipment and the knowledge, and you can borrow sewing machines.

Arrangør

Øygarden innbyggartorg og bibliotek

Andre tidspunkt

  1. Torsdag, 14.03.2024 18.00 - 14.03.2024 20.00
  2. Torsdag, 11.04.2024 18.00 - 11.04.2024 20.00
  3. Torsdag, 23.05.2024 18.00 - 23.05.2024 20.00