Øygarden startar med kunstig intelligens-opplæring

Øygarden kommune har no teke i bruk KI (kunstig intelligens) i skulen. Inntil vidare nyttar Øygarden løysinga som Randaberg kommune nyttar i skulen.

Illustrasjonsbilete. Frå Energimessa 2024 - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete. Frå Energimessa 2024.

Kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, seier at mange har etterlyst chatbotar eller AI-løysingar som kan brukast ut mot elevane. 

- Mange elevar og lærarar har allereie tatt i bruk løysingar som til dømes ChatGPT, men av personvernomsyn er ikkje dette ei godkjent løysing for bruk i skulen. I Øygarden har vi difor avgjort at vi vil testa ut AI-løysinga til Randaberg-skulen, seier kommunalsjefen.

Denne løysinga er personverngodkjent, og ingenting vert lagra i løysinga. Øygarden kommune har ikkje kjøpt tilgang til OpenAI for elevane, men IKT har kjøpt seg tilgang for å oppretta eigen server. 

- Det vil seia at ChatGPT-aldersgrensa ikkje er gjeldande. Elevane brukar løysinga vår, ikkje løysinga til OpenAI, seier Marius Sylta.

Han understrekar at sjølv om løysinga er tilfredsstiller krava til personvern, må ein framleis tenkja over kva informasjon som vert lagt inn. Det skal til dømes ikkje limast inn elevtekstar eller leggjast inn bilete av elevar i noko AI-løysing.

Før skulane tek i bruk løysinga, bør dei har ein diskusjon på skulen og i klassen om kva tid ein bør innføra ein chatbot, og ikkje minst kva skal den brukast til og kva tid ein ikkje skal bruka han.

- Skulane kan bruka råda frå Utdanningsdirektoratet til dette. Fram til kommunen har utarbeidd eigne retningslinjer for dette, nyttar kommunen Oslo-skulen sine gjeldande retningslinjer, seier kommunalsjef Marius Sylta.