Heidra kultur og idrett

Det var verkeleg prisdryss og stor stemning i kultursalen på Øygarden rådhus fredag kveld. Kulturen og idretten fekk fortent heider og ros på Kultur- og idrettsgallaen 2023. Kulturprisen gjekk til Ivar Steinsland, medan Unni Øvretveit fekk Frivilligprisen. Anne-Elin Dale fekk Mot til å glede-prisen.

Frå venstre; Unni Øvretveit (Frivilligprisen), Karen Boge (tok imot prisen på vegner av kulturprisvinnar Ivar Steinsland), Anne-Elin Dale (Mot til å glede-prisen) og ordførar Tom Georg Indrevik

Festarrangementet vart stødig og lysteleg leia av Tor Bjørge. Med seg hadde han kulturavdelinga med konstituert kultursjef Yngvild Wiese i spissen. Med Rong Brass som husorkester og ei lang rekkje med idretts-, kultur- og musikkinnslag måtte dette gå bra.

Ordførar Tom Georg Indrevik hadde naturleg nok ei sentral rolle i utdelinga, godt assistert av leiar av levekårsutvalet, Ernst Einarsen.

- Denne kvelden viser kva forskjell kultur og idrett gjer i kvardagen. Eg har forresten hatt deg som speidar, sa ordføraren og kasta blikket ned mot operasongar Lasse Økland frå Øygarden som tidlegare på kvelden hadde gjeve forsamlinga operasong av ypparste kvalitet.

- Du kjenner ikkje politikarar før du har vore på telttur med dei, repliserte Lasse Økland.

Kulturpris  for arbeid med gamal skulestove

Kulturprisen gjekk til Ivar Steinsland. Han hadde diverre ikkje høve til å vera til stades denne kvelden. Karen Boge tok imot prisen på vegner av Steinsland.

Frå venstre; Ernst Einarsen, Karen Bode, Tom Georg Indrevik og Yngvild Wiese. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Ernst Einarsen, Karen Boge, Tom Georg Indrevik og Yngvild Wiese.

I grunngjevinga for prisen vert det vist til at Ivar Steinsland sidan 2014 saman med styret har arbeidd med å byggja opp eit kulturtilbod i den gamle skulestova på Berge. Gjennom si leiing, har han drive dugnadsgjengen framover i arbeidet med å setja i stand den gamle skulen frå 1899. 

- Ivar er ein engasjert leiar, som er god med lovord til dei som gjer dugnadsarbeidet når han ikkje sjølv kan delta. Ivar er ein fantastisk kulturformidlar, og fortel historier frå korleis det var å gå på skulen på Berge då han var unggut. Denne iveren etter å få til eit historisk samlingsplass for unge og gamle har drive arbeidet Ivar har gjort framover, heiter det i grunngjevinga.

- Dette hadde ikkje blitt til om ikkje Ivar hadde tatt denne jobben, sa Karen Boge.

Frå venstre; Ernst Einarsen, Tom Georg Indrevik og Unni Øvretveit.

Frivilligpris for stort lokalt engasjement

Frivilligprisen gjekk til Unni Øvretveit. Juryen skriv at Unni gjennom meir enn 20 år har jobba for lokalsamfunnet på Steinsland i ulike roller. Ho er no leiar i Strandatunet Bygdalag, og har vore med i styret i mange år. Hennar engasjement for å ta vare på "Kånehuset" nede på Steinsland er fantastisk. 

- Ho er husvert, stiller opp, malar veggar, ordnar med utleige, har oversikt over kva som trengst å bli gjort og får dei andre med seg. Ho er pådrivar for sti-bygging frå Hamre til Veten, har full kontroll på julebasaren med fakkeltog, er ansvarleg for å få Steinslandsdagen til kvart år, og får med andre lag til å stille opp for å få dette arrangementet til. Unni er og frivillig i Sund Røde Kors, og stiller opp for å hjelpe dei som treng det. Hennar engasjement, varme og omsorg for andre er upåklageleg, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Hjelper dei som står åleine

Den nye Mot til å glede-prisen gjekk til Anne-Elin Dale. Juryen skriv at Anne-Elin er eit slikt menneske som gjer det som andre tenkjer at dei kanskje skulle gjort. Ho brukar av tida si, og svært mykje av tida si, til å hjelpa dei som står åleine og dei som ikkje klarar seg sjølv. Ho etablerer relasjonar til dei som andre kanskje avstår å ta kontakt med. 

Frå venstre; Linn Karin Østgulen, Lars Johan Fløisand-Hansen og Anne-Elin Dale.  - Klikk for stort bileteFrå venstre; Linn Karin Østgulen, Lars Johan Fløisand-Hansen og Anne-Elin Dale.

- Ho er ei trygg hamn for deisom ikkje har nokon andre. Ho bidrar til at dei får dei mest naudsynte tinga, som mat, klær og anna husholdningsutstyr. For Anne-Elin er dette ein livstil. Ho er tilgjengeleg dag og natt. Anne-Elin er eit menneske som hjelper, gleder og løfter opp, heiter det frå juryen.

Tusen takk til alle som har gjort det mogleg å gjera det eg gjer, sa ei rørt Anne-Elin Dale.

Andre prisar

Det vart delt ut heider til ei rekkje utøvarar og representantar frå lag og organisasjonar.

•    Desse vart heidra for kultur (PDF, 91 kB)
•    Desse fekk heider for idrett (PDF, 96 kB)

På vegner av idrettsrådet delte Oddvar Monslaup ut idrettens heiderspris ungdom til boksaren Magnus Berge Kvamsdal (Sotra Sportsklubb) og Emil Clementsen (Øygarden Karateklubb).

Frå venstre; Oddvar Monslaup, Magnus Berge Kvamsdal og Emil Clementsen. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Oddvar Monslaup, Magnus Berge Kvamsdal og Emil Clementsen.

- Magnus Berge tok NM bronse i ungdom desember 2022 og sølv i NM junior desember 2023. Han er ein ekte inspirasjon, ikkje berre for sine imponerande prestasjonar i ringen, men også for sitt engasjement som trenar og for den positive atmosfæren han skapar i klubben, sa Monslaup. 

Emil Clementsen har ifølgje Monslaup vore ein bastion for tradisjonell Shotokan-karate sidan 2005.

- Gjennom hans engasjement og dedikasjon har Øygarden Karateklubb utvikla seg til å vera ein leiande karateskule som følgjer retningslinjene gjeve av JKA og JKA Norway, sa Oddvar Monslaup då han delte ut prisane.

Leiar av musikk- og kulturrådet i Øygarden, Oddvar Rebnord, delte ut heidersprisen til musikk- og kulturrådet. Prisane gjekk til Arvid Rong i Rong Brass og Ernst Einarsen for sitt engasjement for Demenskoret.

Frå venstre; Ernst Einarsen, Tom Georg Indrevik og Arvid Rong - Klikk for stort bileteFrå venstre; Ernst Einarsen, Tom Georg Indrevik og Arvid Rong.

- Dette er eg ikkje åleine om. Vi har eit fantastisk korps, styre og ikkje minst dei som er heime medan dei andre er på øving. Det er krevjande å vera på topp i Noreg og litt i Europa, sa Arvid Rong då han fekk prisen.

For Ernst Einarsen kom prisen brått på.

- Dette var utruleg overraskande. De bør koma og oppleva øvingane med demenskoret, sa Einarsen som minna om andre tiltak som Allsong+, Treff+ og Aktiv+ som viktige bidrag for denne aldersgruppa.

Frå kultur- og idrettsgallaen - Klikk for stort bilete

Tekst og foto: Vigleik Brekke