Fleirdoblar stipendpotten til kultur og idrett

- Vi ønskjer å visa at vi vil ta godt vare på dei ungdomane som verkeleg vil satsa på kultur og idrett.
Det seier leiar i levekårsutvalet, Ernst Einarsen, før kommunen skal dela ut 500 tusen kroner i kommunale stipend til kultur og idrett. 

: Frå venstre Oddvar Monslaup (leiar i Øygarden idrettsråd), Ernst Einarsen (leiar i Levekårsutvalet) og Oddvard Rebnord (leiar i Øygarden musikk- og kulturråd). - Klikk for stort bileteFrå venstre Oddvar Monslaup (leiar i Øygarden idrettsråd), Ernst Einarsen (leiar i Levekårsutvalet) og Oddvard Rebnord (leiar i Øygarden musikk- og kulturråd).

I tillegg til kommunale stipend skal kommunen fordela fleire millionar kroner i tilskot til frivillige organisasjonar og kulturformål. Les meir om alle tilskotsordningane her.

Søknadsfristen til alle tilskotsordningane er 15. april.

Når det gjeld stipend til kultur- og idrettsutøvarar, vedtok kommunestyret i desember å auka potten frå 100 tusen til 500 tusen kroner. Søkjarar i alderen 15 til 30 år vert prioriterte.

- Det er kostbart å driva med kultur og idrett på høgt nivå. Difor har vi lagt inn ekstra midlar til denne tilskotsordninga. Vil set pris på at nokre av ungdomane våre prioriterer dette. Det viser seg på lang sikt at mange av desse ungdomane kjem tilbake til kommunen og deler av kompetansen sin. Ved å utvida potten, kan vi dela ut fleire og større stipend, seier Ernst Einarsen.

For utøvarar som kan visa til resultat på høgt, helst internasjonalt, nivå kan det delast ut stipend på opptil 150 000 kroner.  For andre utøvarar som utmerker seg innan sine felt, vert det delt ut stipend i storleiken 10 000 til 50 000 kroner.

Levekårsutvalet gjer endeleg vedtak om stipendtildeling i juni, etter innstilling frå administrasjonen og uttalar frå idrettsrådet og musikk- og kulturrådet. Les meir om stipendordninga for kultur og idrett her.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Halvor Skurtveit