I løpet av barnehageåret er det mange tema og område vi skal vere innom. Inneverande barnehageår ønsker vi å plassere dette i eit temaprosjekt; Folk og røvere i Kardemommeby.
Vi erfarer at dei ulike fortellingane favnar om fleire ting; Song, språk og språkutvikling, drama/rollespel og vennskap.
I løpet av året blir barna kjent med fortellingane gjennom song, bilete, film og litteratur. Vidare stopper vi opp ved dei ulike historiene og integrerer dei i både vennskapstema, brannvernveke, og når vi er innom tema om kva som er rettferdig og urettferdig. Identifisere ulike kjensler og gode metodar for konflikthandtering. Vi gler oss til å ta fatt på denne koselege fortellinga frå Kardemommeby.
Ei gammal fortelling frå Torbjørn Egner på 60-talet, men likevel kan vi omsette mykje til vår tid – vi gler oss!
