Gruppetilbod (Helsestasjon)Å delta i grupper når ein har fått barn kan vere ein måte å skape nettverk med andre i same situasjon. Både mor og far er velkomne til å delta på samlingane saman med barnet.DUÅ-babyDette er eit gruppetilbod til alle førstegangsforeldre med 8 treff. Tema på samlingane er: Opplevinga av foreldrerollaSamspel/kontakt mellom foreldre og barnUtviklinga til barnet (med fysioterapeut til stades)SøvnBarnestellKosthaldUlykkesførebyggingTidleg språkutviklingTemakonsultasjonar/-grupperDette er eit tilbod til alle foreldre med 3 samlingar. Ein kan velje om ein vil gå på nokre av møta eller på alle. Tilbodet er i staden for individuell konsultasjon ved 4 veker, 4 månader og 8 månaders alder. Helsesjukepleier tek mål og vekt av barnet. Tema på samlingane er:4-6 veker: Samspel og søvn4 månader: Motorisk utvikling (med fysioterapeut til stades) og introduksjon til fast føde8 månader: Ulykkesførebygging og førstehjelp.Kontakt og opningstidTelefon: 56 16 03 00Tast 1 for Straume helsestasjonTast 2 for Ågotnes helsestasjonTast 3 for Sund helsestasjonTast 4 for Rong helsestasjonTelefontid:Måndag til fredag kl. 08.30 - 11.15 og 12.30 - 13.30Opningstid:Straume helsestasjon er open måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00Ågotnes helsestasjon er open måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00Sund helsestasjon er open måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00Rong Helsestasjon er open måndag til torsdag kl. 08.00 - 15.00 Sist endra 11.11.2025 14.52