Øygarden brann og redning (ØBR) er ei kommunal eining i kommunalsjefområde Organisasjon og beredskap.
Kommunestyret godkjende 21.12.2023 ein revidert branndokumentasjon for Øygarden kommune. Den viser korleis brann- og redningstenesta skal vere dimensjonert. Branndokumentasjonen er basert på krav i brann- og eksplosjonsvernloven med tilhøyrande forskrifter.
Øygarden kommune har omlag 40 500 innbyggjarar, i kommunen, og det er eit landareal på 300 km2. Kommunen er langstrakt, og skal ein køyre fra nord til sør er det om lag 80 km.
Brann- og redningstenesta er delt inn i tre avdelinger:
ØBR har tre brannstasjonar (Dalsneset, Skogsskiftet og Ågotnes).
I tillegg har vi ein dagkasernert styrke på Kollsnes Prosessanlegg, i samarbeid med Equinor.
Hovudbrannstasjonen ligg på Ågotnes, der administrasjonen held til. Her disponerer også Sivilforsvaret noko areal.
Det er i omlag 70 heil- og deltidstilsette i brann- og redningstenesta i Øygarden kommune.
Meir informasjon om brann- og redningstenesta i Noreg, finn ein på heimesida til direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. www.dsb.no
Sist endra 18.06.2025 13.22