Råd for ei tryggare julehøgtid
Jul og nyttår er høgtid for god mat, levande lys og peiskos. Uforsiktig bruk av open flamme er årsak til mange brannar. Bruk stabile lysestakar og unngå levande lys i juledekorasjonar av tørre naturmaterialar som mose, kvistar og konglar. LED-lys er eit tryggare alternativ til leveande lys. Viktigast av alt; sjekk at røykvarslarane fungerer.
Her er åtte gode råd for ei branntrygg juletid:
- Sjekk at røykvarslarane dine verkar og at du har fungerande sløkkjeutstyr tilgjengeleg
- Gå aldri frå komfyren når du lagar mat. Installer gjerne komfyrvakt.
- Gå aldri frå eit rom med levande lys og set aldri eit tent lys nær gardiner eller anna brennbart interiør
- Sjekk at den elektriske julebelysninga er i orden før bruk og slå av adventsstakar, julestjerner og lyslenkjer om natta og når du ikkje er heime.
- Ikkje bruk vaskemaskin, tørketrommel og oppvaskmaskin om natta eller når du ikkje er heime
- Ta ei sjekkrunde i bustaden før du legg deg eller går ut av huset. Sør for at alle levande lys er sløkt og at komfyren og anna elektrisk utstyr er slått av.
- Lad når du er vaken og til stades, bruk helst original ladar og lad på et ikkje brennbart underlag
- Bruk kun tørr og rein ved når du fyrer i omnen
Øygarden brann og redning ønsker alle ein trygg og god julehøgtid.
Korleis sløkkje brann i panne med matolje
Bruk aldri vann til å sløkkje brann i matolje
Korleis kvitte seg med gamle batteri
Sist endra 18.12.2025 15.49