Organisering

Øygarden brann og redning (ØBR) er ei kommunal eining i kommunalsjefområde Organisasjon og beredskap.  

Kommunestyret godkjende 21.12.2023 ein revidert branndokumentasjon for Øygarden kommune. Den viser korleis brann- og redningstenesta skal vere dimensjonert. Branndokumentasjonen er basert på krav i brann- og eksplosjonsvernloven med tilhøyrande forskrifter.

Øygarden kommune har i overkant av 40 000 innbyggjarar, og det er eit landareal på 300 km2.  Kommunen er langstrakt, og skal ein køyre fra nord til sør er det om lag 80 km.

Brann- og redningstenesta er delt inn i tre avdelinger:

 

ØBR har tre brannstasjonar (Dalsneset, Skogsskiftet og Ågotnes). 

I tillegg har vi ein dagkasernert styrke på Kollsnes Prosessanlegg, i samarbeid med Equinor.

Hovudbrannstasjonen ligg på Ågotnes, der administrasjonen held til. Her disponerer også Sivilforsvaret noko areal.

Det er i omlag 70 heil- og deltidstilsette i brann- og redningstenesta i Øygarden kommune.

 

Meir informasjon om brann- og redningstenesta i Noreg, finn ein på heimesida til direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. www.dsb.no