Bli med på sommarles!Frå 1. juni til 31. august kan alle som går på 1.-7. trinn delta på Sommarles.no.Illustrasjonsbilete sommarles Sommarles Sommarles gjer lesing endå kjekkare, og det er heilt gratis å vere med. Sommarles er for alle! På Sommarles.no kan de registrere både bøker som barna har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker). Kvar gong det blir registrert lesing, får deltakarane poeng og går etter kvart opp i level. I år er det tida deltakarane har brukt på lesing som gir poeng i Sommarles, framfor sider som tidlegare år. Talet på sider som er lesne vil framleis bli registrert automatisk. Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket. På Sommarles kan de også få lesetips og løyse oppgåver knytte til Sommarlesforteljinga for i år, som er skriven av forfattar Mari Moen Holsve.For å bli med på Sommarles.no går de inn på nettsida som opna 1. juni, og lagar ein profil til barnet. Har de ein profil frå i fjor kan denne framleis brukast. Om de treng hjelp, er det berre å spørje på biblioteket dykkar. Så er det berre å lese/lytte og registrere i veg! Vi håper at de vil hjelpe barna slik at dei kan delta på lesekampanjen og få gode leseopplevingar heile sommaren! Ta gjerne turen innom biblioteket dykkar for å få vite meir. God sommar med Sommarles.no!Her kan ein registrera seg: Hjem – Sommerles.noIllustrasjonsbilete kapittel to.jpg Sommarles.no Illustrasjonsbilete kapitel ein.jpg Sommarles.no Sist endra 23.06.2026 10.59
Endringar på innbyggartorg og bibliotek frå 2026 Øygarden kommune står i ein særs krevjande økonomisk situasjon. Dette får konsekvensar for tilbodet på innbyggartorg og bibliotek. Publisert 03.02.2026 kl. 14.14
Vinterferieaktivitetar i biblioteket Velkommen til biblioteket i vinterferien. Publisert 31.01.2026 kl. 11.20
Du har fått med deg at vi har utvida opningstider på Straume i vinter? Opningstidene gjeld fram til 30. mars. Som del av eit pilotprosjekt finansiert av Kommunal- og distriktsdepartementet er no innbyggartorget i Øygarden ope heilt til klokka 21.00 frå måndag ... Publisert 05.01.2026 kl. 14.10
Gutar blant bokhyller – ein leseklubb som skapar leselyst og vennskap I Øygarden deltek ti skular i prosjektet: Gutar blant bokhyller. Målet er enkelt – å skapa leselyst, gjennom å gje gutar ein arena der lesing blir sos... Publisert 08.12.2025 kl. 13.10
Omtale: Vaim av Jon Fosse Jon Fosse sviktar oss ikkje. Første boka etter all stas, merksemd og vellæte rundt nobelprisen fører oss på nytt inn i det litterære universet som ber... Publisert 27.10.2025 kl. 09.25
Forbodne bøker-veka Forbodne bøker-veka vert markert kvart år i fleire land for å fokusere på sensur, ytringsfridom og demokrati, og for å feire fridomen til å lese det e... Publisert 08.10.2025 kl. 12.38
Nye opningstider på Rong og Skogsskiftet frå 8. september F.o.m. 8. september vert det nye opningstider på våre avdelingar i Rong og Skogsskiftet. Publisert 03.09.2025 kl. 14.50
Engasjert: Dokumentarfilmar og digitale føredrag på biblioteket kvar måndag Har du høyrt om måndagstilbodet på biblioteket på Straume? Publisert 03.09.2025 kl. 13.54