Engasjert: Dokumentarfilmar og digitale føredrag på biblioteket kvar måndag
Har du høyrt om måndagstilbodet på biblioteket på Straume?
- DIGITALE FØREDRAG: Annakvar måndag kl. 11 – 12 kan du komme på biblioteket og vere med på digitale føredrag. Vi har gått inn i eit samarbeid med Senioruni og kan difor tilby publikum i Øygarden kvalitetsforedrag av anerkjende ekspertar og nokre av dei beste føredragshaldarane i landet. Føredraga er direktesendte og vil vere innanfor historie, samfunn og politikk, kunst og kultur, samt medisin og helse.
- DOKUMENTARFILM: Annakvar måndag frå kl 11.00 vil vi visa ein dokumentarfilm innanfor ulike tema. Det kan til dømes vera om ein forfattar, kunstnar eller musikar, eller innanfor alt frå krigshistorie og vitskap til medisin og kultur.
Arrangementa er for alle og foredraga vil passe vaksne og eldre, og mange av dei vil også passe ungdom. Det er difor mogeleg å ta med seg VGS-elevar om dette er ønskeleg på nokre av foredraga.
Følg med på nettsida vår oybib.no eller følg oss på facebook for meir info om kvart einskilt arrangement.
Sist endra 03.09.2025 14.00