Endringar på innbyggartorg og bibliotek frå 2026
Øygarden kommune står i ein særs krevjande økonomisk situasjon. Dette får konsekvensar for tilbodet på innbyggartorg og bibliotek.
Vi har sett oss nøydde til å innføra følgjande tiltak frå januar 2026:
- Dei reduserte opningstidene på Rong og Skogsskiftet vert vidareførte, med ope to dagar i veka (tysdag 10 – 16 og torsdag 12 – 19).
- Ordninga med kveldsope bibliotek til kl. 21 på Straume er finansiert med prosjektmidlar, og vil mest sannsynleg opphøyra 1. april.
- Ved sjukdom vil vi til tider vera nøydde til å stengja innbyggartorg og biblioteket. Det same gjeld sentralbordet.
- Utstyr som blir øydelagt vil ikkje bli erstatta.
- Ein vesentleg reduksjon i budsjettposten for innkjøp av bøker og andre medier for born og vaksne. Det fører til mindre breidd og aktualitet i biblioteket sine samlingar. Ein må òg pårekna lengre ventetid for populære bøker.
- Store kutt i arrangementsbudsjettet. Det vil føra til færre arrangement i løpet av året, og ein reduksjon i kvaliteten på (mange av) arrangementa. Det kostar å skaffa profesjonelle forfattarar, føredragshaldarar og teatergrupper til kommunen.
Vi skal likevel gjera det vi kan for å gi innbyggarane eit godt tilbod innanfor gjeldande rammer.
Vedteke budsjett for 2026 kan du lesa her
Sist endra 03.02.2026 14.14