Omtale: Vaim av Jon Fosse

Jon Fosse sviktar oss ikkje. Første boka etter all stas, merksemd og vellæte rundt nobelprisen fører oss på nytt inn i det litterære universet som berre er hans. Gjentakingane er mange, punktum finn du derimot lite av.

Vaim - Klikk for stort bileteVaim

 

Tittel: Vaim
Forfattar: Jon Fosse
Utgitt: 2025
Omtalen er skrive av: Sverre Bungum

Forteljinga har tre eg- personar. Først Jatgeir som bur i Vaim og heiter Geir. Jatgeir vert han kalla, visstnok fordi han er snill og føyeleg med hang til å jatte med kven det skal vere. Han har ei tresnekke og tek nokre sjeldne turar til Bjørgvin for å handle kva som ikkje er å få i Vaim. Slik som nål og snelle med svart tråd. Han finn ein butikk som framleis sel slikt, men så var det denne prisen, då. Meir fortel eg ikkje om den saka.

Snekka til Jatgeir heiter Eline. Det same gjorde jenta han tykte litt ekstra godt om i unge dagar der heime i Vaim. Elles var det fint lite av amorøse innslag i ungkarslivet hans. Han fekk seg ikkje kvinnfolk, som det heiter på folkeleg språk ute på bygdene.

Ein dag stod han i snekka si, klar til å dra heimover frå Bjørgvin. Og på kaia stod Eline, etter aller åra stod ho der. Ho hadde ikkje forandre seg, tykte Jatgeir.

Eline har bestemt seg, ho vert med Jatgeir tilbake til Vaim, heimbygda deira. Ho fortel at ho må bort frå ektemannen Olav som ho konsekvent kallar Frank. Han er stril og ligg hakket høgare på den sosiale rangstigen enn Jatgeir, sjark som han har, medan Jatgeir fartar rundt i ei snekke. Like fullt, han er ikkje til å bu saman med lenger, fortel Eline og flytter inn hos Jatgeir.

Andre eg- personen er einstøingen Elias. Han er mest å rekne som ein ven av Jatgeir, den einaste han har. Inn i mellom vitjar dei kvar andre. Men Elias tykte Jatgeir vart litt framand og annleis etter at det kom kvinnfolk inn i huset hans.

Ein dag banka det på utedøra hans Elias. Det går nokre sider med til undringa hans om kven det kan vere som bankar på, før han opnar.

Frank er tredje eg- personen, han som heiter Olav. Han fortel at Eline kom inn i livet hans på det viset at ho ryska han med seg på utestaden Fuglen i Bjørgvin. Der feira han godt fiske saman med kompisane sine. Og heim til Sund bar det med Frank og Eline i skøyta Elinor.

Frank som altså heitte Olav, han var så visst ingen koneplagar, han var like viljelaust styrd av Eline som elles ein dag vart lei av Jatgeir og flytta tilbake til Olav som ho framleis kalla Frank.

Jon Fosse ikkje berre er ein forteljar verd nobelprisen, han også er ein mann med sans for humor. «Vaim» rommar mykje fint av det slaget. Ikkje til å le av, for når han skildrar desse tafatte mannfolka, då er humoren blanda med varm medkjensle.

Men døden er like fullt ikkje langt unna. Fjorden, sjøen, snekka og døden høyrer til i Fosse sitt univers.

Vi vest om Bergen kan kjenne oss litt heime når vi finn  fiktive stadnamna som Sund og Sartor. Boka er elles den første i ein trilogi.      

 Sverre Bungum