Bøker med ei sensurhistorie
Utstilte bøker med ei sensurhistorie
Øygarden innbyggartorg og bibliotek
Overalt i verda og til alle tider har det vore ulike former for sensur. Styresmakter, interessegrupper og religiøse, kulturelle og sosiale rørsler har sensurert eller prøvd å fjerne bøker eller boksamlingar frå det offentlege rommet.
Ytringsfridomen er stadig under press, og litteratur vert forboden og undertrykt også i dag, jamvel i demokratiske samfunn. Bøker er ein av dei viktigaste måtane å spreie tankar og idear på, og sensur avgrensar tilgangen for alle til litteratur, kunnskap og eit mangfald av røyster.
Når ei bok vert forboden, er det òg ein freistnad på å forby tankane og ideane ho formidlar. Det svekkjer demokratiet. Samstundes finst det bøker med innhald som sårar og provoserer.
Kvar går grensa for kva ein skal tole? Kven skal bestemme kvar denne grensa går?
Her er det mange spørsmål vi må finne svar på i fellesskap. Så les ei forboden bok, finn ut kva du sjølv meiner og synest, og ta del i debatten!
Sjølv om det er veke 41 som offisielt er «Forbodne bøker-veka», kan du i heile oktober månad kan sjå utstillinga «Forbodne bøker» i biblioteka våre og låna med deg ei bok med ei sensurhistorie.